Kommunehuset i Sveio.
Kommunehuset i Sveio. FOTO: Susanne Lie Vallestad

Nytt system fører til nedetid i kommunane

Innkjøp og samkøyring av likt saks- og arkivsystem er eit av dei mest omfattande adminstrative prosjekta mellom kommunane på Haugalandet nokon sinne. Over 1.700 tilsette er no i gang med omfattande opplæring.

Eit sak- og arkivsystem er sentralnerven i ein kommune. Store delar av tenestene blir sakshandsama i systemet, som også er arkiv for ennå fleire tenester.

Kommunane Sveio, Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Tysvær og Vindafjord har de siste par åra samarbeida om innkjøp av likt sak- og arkivsystem. Samarbeidet gjeld kjøp og oppgradering av systemet ACOS WebSak, og samkøyring av tenestene og fagområda som brukar dette systemet.

Prosjektet er eit av dei mest omfattende administrative samarbeida mellom kommunene på Haugalandet nokon sinne, skriv prosjektleiar Mali Smemo Hjemdal i ei pressemelding.

Over 50 personar innan fagområda arkiv, IKT, politiske møte, klart språk, personal- og skuledokumentasjon og eigendom har utarbeida felles rutinar og arbeidsmåtar som skal vera like i kommunane.

Postlistene nede i ein periode

Over 1.700 tilsatte skal bruka systemet, og dei gjennomgår i desse dagar ei omfattande digital opplæring. Det betyr at postlistene vil vera nede i ein periode.

Sveio, Bokn, Etne og Vindafjord brukar ACOS WebSak frå før, og skal berre oppgradera til ny versjon. Dette tar mindre tid, og postlistene vil vera tilgjengelege igjen etter nokre dagar. Følg med på kommunen si nettside for nærare informasjon.

Haugesund, Karmøy og Tysvær byter system, og det vil derfor ta noko lengre tid før postlistene er tilgjengelege igjen her.

Begrensa hjelp

Innbyggarar som har spørsmål om pågåande saker til handsaming i kommunen sitt sakssystem, til dømes byggesaker, søknad om skjenkebevilling, tilskuddssøknadar og anna, vil kunna oppleva begrensa hjelp frå sakshandsamar i ein periode.

Dei viktigaste vinstane av samarbeidet er:

  • Betre tenester til innbyggarane gjennom fagleg utvikling av tenestene.
  • Meir effektive system for kommunane når ein samarbeider og kan nytta kvarandre sin kompetanse.
  • Betre mogelegheiter for å sikra høg kompetanse i åra som kjem gjennom felles kurs og opplæring.