Førdespollen lykt er ei av fyrlyktene i Sveio som er blitt justert og har fått solcellepanel i løpet av dei siste vekene. 
Førdespollen lykt er ei av fyrlyktene i Sveio som er blitt justert og har fått solcellepanel i løpet av dei siste vekene.  FOTO: Einar Vestvik

Justerte fyrlykter krev nye kart

Oppdaterte kart er alltid viktig når ein skal ferdast på sjøen. I år er det ekstra viktig for alle som legg turen til farvatnet kring Sveio.

Kystverket har nettopp overhalt seks-sju fyrlykter i Sveio. Alle lyktene har fått installert solcellepanel som energikjelde i staden for straum via nettet. I samband med dette er også ein del sjøkablar fjerna. Dessutan er sektorane i alle lyktene justerte etter såkalla IALA-standard (IALA står for International Association og Lighthouse Authorities).

Og det er dette sjøfarende kjem til å merka. IALA-standarden inneber at når du er under vegs mot ei fyrlykt i kvit sektor, skal du alltid ha grøn sektor på styrbord side og raud sektor til babord. I Noreg har dette vore meir tilfeldig. Nokre lykter har for eksempel berre hatt kvite (gule) og raude sektorar. Eitt eksempel på dette er lykta ved innseglinga til Mosterhamn i Bømlo.

Smalare sektorar

Nå blir dette endra på over heile landet, fortel kommunikasjonsrådgjevar Anne Grethe Nilsen i Kystverket. I alt er det 1.900 lykter som skal justerast, og det skal vera gjort innan 2025.  Dei som foretok justeringene i Sveio, heldt fram sørover langs kysten.

I nokre høve er det ikkje berre fargane som er endra, forklarar nautikar Stian Revheim  Sund i Kystverket vidare. I nokre tilfelle er også dei kvite sektorane gjort smalare enn før.

Dette skuldast delvis tekniske årsaker, men har også med tryggleik å gjera. Skip er blitt større og fritidsbåtar kan gå fortare enn før. Då trengst større marginar, forklarar Revheim Sund.