nyhende

– Politikarane og folk må vakna

– Vindturbinane på Nese kjem til bli nokre av dei største som er bygd i Noreg. Det er for seint å seia at me ikkje vil ha dei når Solvind har fått konsesjon. Då er løpet køyd, seier tre av talspersonane for vindkraftmotstandarane i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Har samla seg

  • Facebookgruppa Nei til vindkraft ved Ålfjorden / i Sveio starta som ei samtalegruppe for nokre få den 8. mai.
  • No har gruppa over 1.500 medlemmer har blitt ein allianse for alle som prøver å stoppa vindkraftutbygginga i området, og dei har oppretta eit styre.
  • Medlemmene er mellom anna fastbuande, hytteeigarar, bygdelag og velforeningar i tillegg til Sveio Jakt Fiske og Naturvernforening og Haugesund Turistforening.

Det var mange som fekk seg ei overrasking då det vart kjent at Solvind allereie hadde sendt inn forenkla konsesjonssøknad på Sveio Nesse Vindkraftverk i mars. Engasjementet har etter det vakse, og ulike grupperingar har samla seg i Nei til vindkraft ved Ålfjorden / i Sveio. Felles front og felles arbeid for å skaffa faktaopplysningar er i full gong.

– Me reagerer på mange ting både i søknaden og Solvind sin presentasjon av prosjektet. Manglande kartlegging, kor synlege vindturbinane blir, støy, naturmangfald, beskriving av området, kor stort inngrep blir den utbetra vegen, og at det blir lagt fram som at naboar og grunneigarar er informerte, seier Sverre Halleraker.

Næraste grunneigar ikkje varsla

Det siste er langt unna sanninga, meiner motstandarane. Olav Magne Olsen på Våga er næraste nabogrunneigar til området der vindturbinane er planlagt plassert.

– Dei vil komma 100 meter frå grensa til min eigedom. På grunn av iskastfare, vil det bli eit område på 300 meter rundt turbinane der folk ikkje kan ferdast. Då blir det 200 meter av min eigedom rundt anlegget som eg ikkje kan bruka. Likevel har dei sendt søknad utan å informera meg, seier Olsen.

Han trekkjer fram at tryggleikssona kan få uventa konsekvensar også i industriområde.

– Då dei sa ja til vindturbinar i Gismarvik, vart det ikkje lagt vekt på dette i vurderingane. I ettertid viser det seg at store deler av industriområdet vil bli bandlagt og ikkje kan byggast på når vindturbinane kjem opp.

Olav Magne Olsen har teke bildet av utsikten frå riksvegen på Våga og montert inn ein av vindturbinane. Bildet er teke 35 moh, foten til høgspentmasta er 45 moh og foten til vindturbinen 50 moh. Vindturbinen ligg 1,5 km unna punktet bildet er teke, masta 750 meter unna.

Visuell og høyrbar støy

På Våga ligg eit nytt byggefelt. Det er planlagt utvida, og dei nye tomtane vil bli liggande ca. 800 meter frå vindturbinane. Ytterlegare eit nytt byggefelt er planlagt nærare sjøen på Våga.

– Kven vil bu med 200 meter høge vindturbinar i nabolaget, konstant visuell forureining, blinkande lys og ikkje minst støy? Svisj-lyden når vengjene går rundt er den «snillaste» lyden. Infralyden frå motorane når mange kilometer, og nye rapportar viser at den gjev langt meir alvorlege helseplager enn tidlegare antatt, seier Halleraker.

Når det gjeld Solvind sine kartleggingar, meiner motstandarane at dei ikkje held mål.

–  I området er det våtmark, myr og skog der det mellom anna hekkar havørn, hubro og storlom. Vindturbinane vil også ligga midt i trekkruta for diverse fugleartar. Dessutan er her ein heil del sjeldne flaggermusartar, for å nemna litt av det det manglar skikkeleg kartlegging av. Området blir også mykje nytta både til jakt og tur, noko Solvind hevdar det er lite av, seier Halleraker.

Reagerte for seint i Tysvær

Området langs Ålfjorden og Ervefjorden har mellom 400 og 500 hytter og naust. Dei blir nytta av både fastbuande og folk frå nabokommunane. Her er det snakk om meir enn helgebruk. Mange flyttar på hytta når sommaren kjem og blir buande til hausten.

– Sveio har mange flotte turområde og tilrettelagte stiar, og det er mange fleire enn dei fastbuande som nyttar seg av desse gjennom heile året. For alle naboar til vindturbinane vil det i tillegg til nedsett rekreasjonsverdi bli det nedsett verdi på eigedomane. Det vil gjelda langt ut over dei som bur nærast, seier Karl Andreas Knutsen.

Han har i mange år jobba med vindkraft for Haugesund Turistforening, som har 440 medlemmer i Sveio. I Tysvær var dei aleine om å ha innseiingar og nådde ikkje fram. Då politikarar og innbyggarar byrja å reagera, var det for seint.

Politikarane må på banen

– Me har mykje me kan bidra med, og motstanden i Sveio er tidleg i gang samanlikna med Tysvær. Ein har tidlegare klart å stoppa planar på Ryvarden og Sveiofjellet, men ein kan aldri vera trygg før NVE har sagt sitt. Erfaringane viser at dei ofte køyrer sitt eige løp, og at anlegga blir langt meir omfattande enn søkt om i den opprinneleg godkjende konsesjonen, seier Knutsen.

Nøkkelen er politkarane, og motstandarane vonar no dei vaknar og kjem skikkeleg på banen. Seier kommunen nei, blir det vanskelegare å få prosjektet gjennom.

– Eg trur me kan telja på ei hand dei som er verkeleg for vindkraft i Sveio. Men folk må vakna, seia ifrå og stilla spørsmål. Solvind legg det fram som at det er greit å bygga vindturbinane på Nesse fordi det alt er ei høgspentlinje i området. Det er eit offer me har gjort for å få rein kraft. Det gjer det ikkje meir rett å seia ja til å øydelegga området enno meir med vindturbinar. Sveio kommune er eigar i Haugaland Kraft, og me får all straumen med treng der, seier Halleraker.

Powered by Labrador CMS