- Det er viktig å understreka at ein ved å ta ned teltet, og redusere pandemimottaket, ikkje tek vekk beredskapen. Vi berre gjer ting på ein annan måte, understrekar adm. dir. Olav Klausen.
- Det er viktig å understreka at ein ved å ta ned teltet, og redusere pandemimottaket, ikkje tek vekk beredskapen. Vi berre gjer ting på ein annan måte, understrekar adm. dir. Olav Klausen. FOTO: Eirik Dankel, Helse Fonna

Fjernar «koronateltet» ved Haugesund sjukehus

Helse Fonna legg ned delar av det mellombelse pandemimottaket ved Haugesund sjukehus, og riggar ned teltet som i lang tid har sperra fortauet i Karmsundgata.

Det kom fram då adm. dir. Olav Klausen torsdag informerte styret i Helse Fonna om tiltak som følgje av koronasituasjonen. Det har i lang tid vore stabilt og lågt smittetrykk i heile Helse Fonna-regionen, noko som fører til at det er viktig å fortsetje med å ta opp att den ordinære aktiviteten, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.

– Pandemimottaket blir framleis på øre-nese-hals-avdelinga (ØNH), men i mindre omfang enn då det blei etablert i mars. Teltet, som i lang tid har sperra for mjuke trafikantar i Karmsundgata, blir rigga ned, truleg i løpet av neste veke.  Vi har ein plan for reetablering på kort tid, dersom smittetrykket aukar att. Mellom anna skal vi kunne få opp att teltet innan 24 timar, dersom det blir trong for det, forklarte Klausen i styremøtet.

Ivaretek tryggleiken

Desse tiltaka blir gjort for å frigjera areal til å komma i gang att med planlagde operasjonar på ØNH-avdelinga, som er den avdelinga som har måtta lide mest som følgje av korona-tiltaka.

Leiinga i Helse Fonna vil vurdera og evaluera desse tiltaka i slutten av juli, når ein veit meir om effekten av at samfunnet har opna meir opp.

– Det er viktig å understreka at ein ved å ta ned teltet, og redusere pandemimottaket, ikkje tek vekk beredskapen. Vi berre gjer ting på ein annan måte, understrekar Klausen.

Samstundes som ein endrar drifta i høve til no-situasjonen, og avviklar sommarferie som normalt, har Helse Fonna også planar for korleis dei kan førebu for eit høgt tal intensivpasientar. Føretaket har lagt ein plan for trinnvis opptrapping til 26 intensivplassar ved Haugesund sjukehus, og fire på Stord sjukehus.