Haugesund sjukehus 21-8-2019_8 copy
FOTO: Eirik Dankel, Helse Fonna

Helse Fonna ventar med å opna for besøk

Helse Fonna opnar ikkje opp for besøk før ein er sikker på at dette kan gjerast på ein trygg og god måte.

Onsdag kom styresmaktene og Folkehelseinstituttet med nye tilrådingar, som opnar opp for besøk til pasientar innlagde på norske sjukehus.

I tilrådingane er det framleis mange punkt som må ivaretakast, slik at besøk kan skje på ein trygg og god måte, skriv Helse Fonna i ei pressemelding.

Det er også presisert at det må gjerast lokale tilpasningar, og det er opp til kvar enkelt helseføretak korleis ein organiserer dette.

–  Må planleggja grundig

Helse Fonna skal difor sjå nærare på dette og vurdera tiltak, før ein opnar opp sjukehusa att for pårørande.

I råda frå FHI er det blant anna strenge reglar i høve til avstand, handhygiene, adgangskontroll, registrera og å avgrensa talet på besøkjande.

– Difor må me planleggja dette grundig, før me opnar opp att for besøkjande, slik at me ivaretek tryggleiken for pasientar og tilsette. Det er den viktigaste oppgåva vår. Så får vi komme tilbake med ein plan for dette i neste veke, seier adm. dir. Olav Klausen.