- Me fungerer som NAF på sjøen, ei form for «veihjelp». Motoren stoppar og det går ingen buss. Då ringer førarane av fritidsbåtar til oss, seier Vidar Johannessen i Redningsselskapet.
- Me fungerer som NAF på sjøen, ei form for «veihjelp». Motoren stoppar og det går ingen buss. Då ringer førarane av fritidsbåtar til oss, seier Vidar Johannessen i Redningsselskapet. FOTO: Einar Vestvik

– Me er NAF på sjøen for fritidsflåten

– Me fungerer som NAF på sjøen, ei form for «veihjelp». Motoren stoppar og det går ingen buss. Då ringer førarane av fritidsbåtar til oss, seier Vidar Johannessen i Redningsselskapet.

Johannessen er skipsfører på redningsskøyta «Bergen Kreds». Vestavind møter han om bord medan skøyta ligg til kai, og akkurat idet mannskapet gjer seg klar til å delta i ei øving saman med Hovudredningssentralen.

Øvinga skal foregå i Kvalsvik nord for Haugesund sentrum. Intervjuet må føregå ute på dekk. Redningsselskapet sine smittevernrutinar tilseier at ingen utanom mannskapet får sleppa innandørs i desse koronatider.

«Bergen Kreds» er stasjonert i Haugesund året rundt og har fast base ved Kyvik-kaien nord i Smedasundet. Skøyta sitt ansvarsområde strekkjer seg frå midt på Stord i nord til Jæren rev i sør, og omfattar dermed også Sveio.

«Bergen Kreds» har fast plass ved Kyvik-kaien i Haugesund og har eit mannskap på fire året rundt. Foto: Einar Vestvik

Skøyta har om lag 300 oppdrag i året. Våren og sommaren er høgsesong, og dei fleste spørsmåla om assistanse kjem i denne perioden fritidsflåten. Redningsselskapet har også ein mindre båt på Stord. Den er bemanna av frivillige, og var ute av drift då me snakka med Johannessen. Årsaka var mangel på mannskap.

Dårleg vedlikehald

Eit typisk oppdrag for redningsskøyta nå om våren er motorstopp som følge av at båt og motor ikkje har fått tilstrekkeleg service og vedlikehald etter vinteropplag. Det fører gjerne til at motoren stoppar på grunn av tette filter eller dieseldyr på tanken. Gjennom heile sesongen hender det også ofte at fritidsbåtar tar kontakt fordi dei har gått tomme for drivstoff.

– Me har ein del oppdrag nordover til Sveio også. Motorstopp nær Ryvarden, for eksempel, kan vera kritisk. Mange går altfor nær land. Er det då litt vind, tar det berre nokre få minuttar før dei rek på land. Me treng ein halvtime frå Haugesund til Ryvarden. Difor må båtførarane gje seg sjølve litt tid ved å gå lengre frå land, seier Johannessen.

Utan erfaring

– Urutinerte og uerfarne båtførarar er nok overrepresentert blant dei som kontaktar oss. Elles synest eg båtførarar flest langs veslandskysten er svært flinke på sjøen, seier den profesjonelle redningsmannen vidare.

Han understrekar dessutan at ingen må vera redde for å ta kontakt.

– Me tar alle oppdrag på alvor. Og me gler oss kvar gong det viser seg at problemet er mindre enn frykta. Ingen treng vera redde for at me blir sure om dei ringer ein gong for mykje. Og det er gratis å koma i naudsituasjonar her i landet.

Viktig med VHF

Igjen minner Johannessen om kor viktig det er å ha VHF-radio i fritidsbåtar.

– Du kan bruka mobiltelefonen, men då kjem gjerne naudmeldinga til folk i Stavanger. Med VHF kan du kontakta båtar rundt deg. I ei trafikkert lei som Bømlafjorden og Sletta er det aldri langt mellom større fartøy.

Og det treng ikkje alltid handla om naud. Dersom nokon kjem ut på Sletta og blir overraska av litt større bølger og litt meir vind enn venta, kan det vera lurt å sjå seg om etter større lasteskip i området og eventuelt kalla dei opp. Det kan vera nok å be dei følgja litt med. Og skulle ein naudsituasjon oppstå, har desse skipa store mannskap og mob-båtar som kan rykka ut på minuttar.

Med ti års erfaring har Johannessen også vore oppe i dramatiske situasjonar.

– Verst er det når det er folk i sjøen som held på å drukna, og når store skip går på grunn og det er fare for at dei skal søkka.

Her er eit videoklipp av «Bergen Kreds» på full fart til øving, filma av 330-skvadronen på Sola.