- Det er ein livsstil, seier Ole og Marryel Velde. Lamminga er den travlaste tida på året. Då går det døgnet rundt frå påske og vel ein månad framover, og dei tek begge ut ferie i denne perioden.
- Det er ein livsstil, seier Ole og Marryel Velde. Lamminga er den travlaste tida på året. Då går det døgnet rundt frå påske og vel ein månad framover, og dei tek begge ut ferie i denne perioden. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 1 av 7
Grindløa er tilrettelagt for framtida. Med mellom anna ei dør inn til omkledning og ei eiga dør til veterinæren.
Grindløa er tilrettelagt for framtida. Med mellom anna ei dør inn til omkledning og ei eiga dør til veterinæren. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 2 av 7
Oda og storebror Torvald har mange firbeinte å vera saman med. Som årets kopplam.
Oda og storebror Torvald har mange firbeinte å vera saman med. Som årets kopplam. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 3 av 7
Lamminga er snart over for i år. No er det berre nokre få søyer att som slappar av og ventar innomhus.
Lamminga er snart over for i år. No er det berre nokre få søyer att som slappar av og ventar innomhus. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 4 av 7
Dei minste lamma er i ein tilvenningsfase, og kosar gjerne med Oda når ho klatrar inn i bingen.
Dei minste lamma er i ein tilvenningsfase, og kosar gjerne med Oda når ho klatrar inn i bingen. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 5 av 7
Marryel er gamal hestejente, og familien gler seg no over å ha fått eit nytt tilskot til garden. Snille og rolege Silja er også eit ynda fotoobjekt for dei som går til og frå Slettene.
Marryel er gamal hestejente, og familien gler seg no over å ha fått eit nytt tilskot til garden. Snille og rolege Silja er også eit ynda fotoobjekt for dei som går til og frå Slettene. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 6 av 7
Marryel dyrkar grønsaker og urter til eige bruk.
Marryel dyrkar grønsaker og urter til eige bruk. FOTO: Ellen Marie HagevikBilde 7 av 7

Satsar på framtida med gardsmat og ny grindløe

Nedre Økland gard har vore i familien til Ole Velde i fleire hundre år. For eit år sidan måtte han og kona Marryel ta eit val: legga ned eller satsa. No står ei ny, vakker grindløe straks heilt ferdig som bevis på at dei valde det siste.

Ole (37) er vaksen opp på garden i Auklandshamn, Marryel (32) kjem frå Jæren. Ole tok ingeniørutdanning i militæret. Marryel var utdanna kokk då ho verva seg, og dei møttest på Haakonsvern i 2009. Sidan har det vore dei, og i 2012 overtok dei familiegarden. Borna Oda (5,5) og Torvald, snart 8 år, er med på det meste.

Nedre Økland ligg utruleg vakkert til med utsikt til sjøen og «heile» Bømlo. I same område ligg det flotte friluftsområdet Slettene, og vegen ut dit går gjennom gardstunet til Ole og Marryel. Men vakker utsikt er ikkje nok. Garden har i alle år vore ein typisk vestlandsk fiskarbondegard. Nok til mat for familien, men ikkje til å leva av.

Framleis «fiskarbønder»

– Dei fleste av dei som har drive garden har anten vore på fiske eller jobba på fraktebåt for å forsørgja familien. Både bestefar, oldefar og tippoldefar var sjøfolk, fortel Ole.

Oda stortrivst saman med sauene, og ho er flink til å handsama lamma. FOTO: Ellen Marie Hagevik

For ekteparet gjeld det same: dei har begge fulle jobbar som feltingeniør på Aibel og kantineleiar på Kårstø. Og dei gjekk ein del rundar før dei bestemte seg for å slutta i Forsvaret, flytta frå Bergen og ta over garden.

– Samstundes var det ikkje eit vanskeleg val. Me trivst begge med gard og dyr, og dette er ein fantastisk plass for ungane å veksa opp. Sjølv om det i periodar kan vera veldig travelt i tillegg til full jobb, går det greit. Gardsdrifta gjev oss veldig mykje positivt. Det er ein livsstil og slik me har lyst til å leva, seier Marryel.

Spekemat og pinnekjøt

Kyr og gris var det på garden til på 60-talet, men sjeldan fleire enn nokre få av sorten for å ha mjølk og julemat. Det var og er sauer som er hovudbuskapen. Dei styrer seg stor sett sjølv, finn sin eigen mat ute og krev ikkje så mykje stell, bortsett frå under lamminga.

I dag er det 140 vinterfôra sauer på garden. Flesteparten av dei svartfjes (skotsk rase) og villsau, men også ein liten flokk norsk kvit. Sommarstid er dei på beite i Valldalen i Røldal og får sett ein ekstra spiss på kjøtsmaken. Ole og Marryel låner også fire andre gardar, og nyleg fekk dei hest på Nedre Økland igjen for første gong sidan 60-talet.

Frå november og fram mot jul, blir det pakka mange pakkar med pinnekjøt og fenalår. FOTO: Privat

Med Marryel sin fagkunnskap og interesse for lokale råvarer, fall det seg naturleg å sjå på kva dei kunne få til innan segmentet gardsmat. Merkvara «Herfrå – Nedre Økland gard» såg dagens lys. Med fokus på ferske produkt etter sauesankinga på hausten og spekemat og pinnekjøt til jul.

For få lam – for mykje kålrabi

– Me var usikre på kor stor marknaden var, så me prøvde med 10 lam første året. Det viste seg å vera altfor lite. Interessa var også større enn me trudde for å kjøpa heile eller halve lam. Det sel me stadig meir av, og det ser ut til å vera ein trend at folk ønskjer å gjera meir sjølv, seier Ole.

Det dei ikkje fekk for lite av første året var poteter og kålrabi. Dei bryt begge ut i latter når dei fortel om korleis det gjekk.

– Det var ikkje store flekkane me sette poteter og kålrabiplanter på, men avlinga vart langt over forventningane. Me fekk lassevis av både poteter og kålrabi, og valde å selja billeg det me ikkje skulle ha sjølv slik at ikkje noko måtte kastast. Dei som kjøpte pinnekjøt fekk også med seg ein del på kjøpet, fortel dei to.

Det har likevel ikkje vore aktuelt å ha grønsaker for sal i tillegg til kjøtprodukta. Arealet med poteter og kålrabi er redusert, og i tillegg dyrkar Marryel grønsaker og urter til eige bruk.

Skil seg ut med smårasa sauer

Interessa for lokal og kortreist mat har auka veldig dei siste ti åra. Etter kvart har det blitt mange lokalmatprodusentar, og det gjeld å finna det som skil seg ut. Opprettinga av REKO-ringen, der lokalmatprodusentane sel direkte til kundane, har også vore viktig. Saman med ulike fora med fokus på lokale produkt, som Matsmia og Matklynga Sunnhordland.

– Me har vald smårasa sauer for å gje kjøparane ein annan smak enn det dei kjøper i butikken. Sauene våre er utegangar heile året, bortsett frå i lamminga for å gje dei ro og vern mot fugl og rev. Det har gjeve veldig gode resultat. Gjennom året et dei alt frå tang og tare til fjellblomar. Alt dette gjev kjøtet ein særeigen smak som mange ser ut til å lika, seier Marryel.

Dei har sidan starten hatt eit veldig godt samarbeid med Lundal, som mellom anna gjer jobben med produkta som skal røykast. Etter kvart har dei fått ganske mange faste kundar, også på Jæren, i Bergen og Nord-Noreg. Ein av fordelane med spekemat er at den kan sendast i posten.

Marryel, Ole og Oda Velde framfor den nye grindløa på garden. Her er det plass til 160 sauer og eit par hestar. Torvald var på hyttetur med ein kamerat då bildet blei teke. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Avvikla eller satsa

Då dei overtok garden, bygde dei på mormor til Ole sitt hus, men den gamle grindløa vart det ikkje gjort noko med i første omgang. Den var liten, trong og låg, og det ville bli vanskeleg å stetta krava som har kome til driftsbygningar.

Ole og Marryel måtte ta nok eit stort val. Avvikla eller satsa. Det siste betydde store kostnadar, men også at dei ville få eit nytt fjøs tilpassa framtida. I fjor tok dei valet, og no er det berre siste finpuss igjen inne før nybygget med plass til 160 sauer er heilt ferdig.

– Me valde å bygga ny grindløe av fleire årsaker. Ein av dei var at den faktisk konkurrerte med pris på ein tilsvarande stålhall. Men i motsetnad til stålhallen, lever ei grindløe med klimaet og vêret. Er det til dømes kaldt ute og varmt inne, trekkjer treverket til seg fukta. Det slår seg ikkje på veggane slik som i ein stålhall. Me har dessutan ein del bustadhus tett rundt oss, og estetisk er det mykje finare med ei treløe enn ein stålhall i nabolaget, seier Ole.

Noregs finaste løe

Det er Tore Hundseid Birkeland frå Sandeid som har bygd den 30 meter lange grindløa. Visstnok den lengste han nokon gong har bygd. Hundseid Birkeland har skore ned og tilverka alt av trevirke, og det er eit smykke dei har fått på Nedre Økland gard.

Noko andre enn dei næraste naboane set pris på også. Då Vestavind måtte ha litt hjelp med retninga, blei beskrivinga av vegen avslutta med «når du ser Noregs finaste løe er du framme».