Nå står berre støttene igjen og peikar nakne opp i lufta.
Nå står berre støttene igjen og peikar nakne opp i lufta. FOTO: Einar Vestvik

Kor blei det av namneskiltet?

Kven har stukke av med skiltet som fortalte at ein var komen til Auklandshamn? undrast naboar ved Øklandsvegen på Mjånes der skiltet sto inntil for nokre få dagar sidan.

Nå står berre støttene igjen og peikar nakne opp i lufta. Pressekontakt Heidi Ravnestad ved avdelinga som har ansvar for fylkesvegnettet i Vestland, har ikkje noko godt svar på det spørsmålet.

Etter å ha undersøkt saka på førespurnad frå Vestavind, konstaterer Ravestad at skiltet ikkje er demontert av folk som representerer fylkeskommunen. Skiltet er heller ikkje meldt sakna til dei. Det kan skuldast at entreprenøren som har tilsyn med den aktuelle strekninga, har vore på patrulje dei siste dagane.

Samlar på skilt

— Skilt blir borte frå tid til annan. Det kan skuldast hærverk eller tjuveri. Bak eit eventuelt tjuveri kan det stå folk som samlar på slike skilt. Det skjedde i mange tilfelle i samband med endringa av kommune- og fylkesgrenser, fortel Ravnestad.

Mindre opplagt er det at Auklandshamn-skiltet er borte av same årsak. Eit nytt skilt vil kosta 5.000–6.000 kroner. Det er innanfor den ramma entreprenøren har til å erstatta tapte skilt.