Regjeringa sviktar kommunane

Korona-krisa har ført mange norske kommunar inn i ein økonomisk vanskeleg situasjon. Tysdag 12. mai la regjeringa fram løysinga si for kommunesektoren.

Medan kommunalminister Nikolai Astrup ber kommunane om å effektivisere, let han samtidig sjukepleiarar og andre kommunalt tilsette ta rekninga. Han skuldar på at lønsveksten uansett ikkje kjem til å bli så høg som venta, derfor vil kommunane ha langt meir å rutte med.

Sjukepleiarane og dei andre korona-heltane må nøye seg med applaus og eit klapp på skuldra for denne gong.

Kommunar må slite med tap av inntekter. Ei av hovudårsakene til dette er skattesvikt – små bedrifter har ikkje inntekter lenger, folk mister arbeidet sitt og sluttar naturleg nok også å betale skatt.

Korona-krisa kostar einskilde kommunar millionar kvar månad. I dei største byane er summane svimlande høge. 2020 har vist seg å vere eit unntaksår vi ikkje har sett maken til, og det kjem til å vare. Regjeringa, med Astrup i spissen, svarar at kommunane må lære seg å vera effektive.

Vi snakkar ikkje om fabrikkar, men om skular, barnehagar, omsorg og kultur. Ting som ikkje blir betre når drifta går raskare. Snarare tvert imot.

KS anslo 30. april at ekstrautgifter og bortfall av inntekter i 2020 vil utgjere mellom 12,5 og 20 milliardar kroner for kommunane.

SV har foreslått ti milliardar kroner til kommunane no, som ein start. Men regjeringa nektar å gje kommunane denne hjelpa. Statsministeren ber kommunane om å roe seg.

Vi krev pengar på bordet, og vi krev at det blir gjort no.

Både næringslivet, eldreomsorga og skulen trenger meir enn nokon gong at kommuneøkonomien er botnsolid.

Sveio SV ved leiar
Eli Neeraas Vihovde