Kristbjørg Kjærandsen g. Jansen, (på biletet ca. 15 år)  har ei heilt personleg oppleving knyta til den flotte gallionsfiguren som stod på brønnlokket i Slåttemyro i Førde. I 1958 blei figuren gitt i gåve til Sunnhordland museum, restaurert og smykkar no inngangspartiet til museet.
Kristbjørg Kjærandsen g. Jansen, (på biletet ca. 15 år) har ei heilt personleg oppleving knyta til den flotte gallionsfiguren som stod på brønnlokket i Slåttemyro i Førde. I 1958 blei figuren gitt i gåve til Sunnhordland museum, restaurert og smykkar no inngangspartiet til museet.

Skrekk og gru då nasen datt av

Snart 80 år har gått sidan den dagen Kristbjørg Jansen lurte seg inn hagen til forpaktarbustaden i Slåttemyro for å studera gallionsfiguren på brønnlokket. Først no fortel ho kva som skjedde.

Ikkje ei levande sjel måtte få vita at ho var årsak til at vakre gallionsfiguren i Slåttemyro mista nasen, for då var ho viss på å få skjenn heime! Kristbjørg var 11-12 år den gongen, og heitte Kjærandsen til etternamn. Snart 80 år etter røper ho hemmelegheita med eit smil.

Kristbjørg kom til verda for 88 år sidan som nummer to i ein søskenflokk på fire. Foreldra var Sigurd og Ellen Kristine Kjærandsen. Mora kom frå Bjoa, og var helsesøster i Førde. Faren var snikkar. Småbruket dei budde på heitte Solheimshaugen. Her hadde dei ei ku, gris, nokre sauer og ein liten hønseflokk.

88 år gamle Kristbjørg Jansen, busett i Flekkefjord, har mange minne frå si barndoms bygd, Førde. FOTO: Privat

Aldri gløymd

Hendinga som har brent seg fast i minnet skjedde ein sommardag Kristbjørg gjekk åleine oppover Karl Johan, – det var namnet på den vakre alléen som førte opp i tunet i Slåttemyro. Det var søndag og ho var på veg til tante Engel og onkel Rasmus som budde like i nærleiken.

Karl Johan var ein privat veg, men fordi det var ein snarveg og attpåtil ein fantastisk flott allé, var det alltid kjekt å gå den vegen. I hovudhuset i Slåttemyro budde den gongen Georg Barstad som var pensjonert sjømann. På andre sida av vegen stod ein gamal forpaktarbustad som høyrde til garden, og over døra på hovudinngangen var det ei fjøl med inskripsjonen «Ora et Labora» som betyr «Be og Arbeid». I eine enden av huset var ein liten hage med ein brønn, og oppå brønnlokket sto gallionsfiguren. Den var nydeleg, rett og slett magisk, og skulle symbolisera jomfru Maria, fortel Kristbjørg.

Stod med nasen i handa

Det var då ho plutseleg fekk ein vill ide som ho ikkje kunne motstå. Ingen var å sjå, så ho tenkte det skulle vera moro og sett skikkeleg på den figuren!

– Eg forstår ikkje at eg våga, men eg opna altså hagegrinda og smatt innafor. Men etter å ha stått og beundra figuren ei stund blei freistinga for stor; eg tok borti nasen på figuren og plutseleg stod eg der med han i handa! Du skrekk og gru, du kan tru eg blei redd, fortel Kristbjørg.

Fort pressa ho nasen på plass att, såg den blei ståande før ho skunda seg ut hagegrinda.

Etter dette gjekk det lang tid før ho gjekk snarvegen opp Karl Johan. I ettertid har ho mange gonger lurt på kva figuren var laga av sidan nasen let set setja på plass igjen.

Bøker og barnebarn

88-åringen si store stoltheit er dei fire barnebarna. Elles har ho ein kjær hobby og det er å lesa bøker.

– Eg må vedgår det røyna hardt på tålmodet då biblioteket ei tid måtte stengja grunna korona-pandemien. Eg kan ikkje leva utan bøker, seier den oppegåande dama som har pløya gjennom metervis med historiebøker, særleg spennande tykkjer ho det er å lesa historie frå Russland og Amerika.

Førde-bygda besøkte Kristbjørg seinast for to-tre år sidan, og ho skryt uhemma av den flotte Rex Garden-parken som er etablert i barndomsbygda.

– Eg har budd i Flekkefjord i snart 60 år, men føler meg som vaskekte sunnhordlending, fastslår Kristbjørg Jansen.

Sunnhordland museum vernar om «dama frå Førde»

I følgje Helge Pedersen, konservator ved Sunnhordland museum, blei gallionsfiguren gitt museet i 1958 av Torleiv Simonsen som står oppført som siste eigar.

– Det var HSD som kosta istandsetting av figuren i 1963. Den er laga av tre, fortel Pedersen som ikkje utan vidare kan fastslå kva treslag det er snakk om.

Helge Pedersen, konservator, Sunnhordland museum.

Figuren stod sist på brønnlokket på Slåttemyr i Førde. Den blei laga i 1860 av Gunder Gundersen Handeland, også kjent som «Skule-Gunnar», frå Handeland på Valen i Kvinnherad. Han var skulehaldar, kyrkjesongar og rosemålar. Etter det Pedersen kjenner til var det sjømann Severin Erikson Jacobsen, (1846-1910) som hadde figuren med til Sveio. Og ifølgje opplysningar frå Kristian Wegner Simonsen (f. 1915) i Førde, på telefon med tidlegare konservator Tore Lande Moe i 1999, fann han sjølv ei fjøl i eldhuset med inskripsjon «Ora et Labora» som betyr «Be og Arbeid». Denne fjøla skal ha stått på tvers av akterenden, og er truleg namnet på Galeasen som figuren stod på.

I dag er det Stig Wegner Simonsen som bur i Slåttemyr. Han bekreftar at fjøla framleis finst på garden.

Om «Skule-Gunnar» kan du lesa meir på Digitalt museum.