MS «Haugar» slik dei fleste kjende den då båten var eigd av Trygve Eriksen, Haugesund.
MS «Haugar» slik dei fleste kjende den då båten var eigd av Trygve Eriksen, Haugesund. FOTO: Privat

Ein fiskebåt med mange liv

MS «Haugar» blei bygd i USA i 1958, og var i drift til den antakeleg gjekk i spiker på slutten av 2011. Den hadde eit mangslungent liv.

«Haugar» byta eigar mange gonger, blei brukt under andre verdskrig som marinebåt og gjekk fleire gonger gjennom omfattande ombyggingar. Den blei brukt i dei fleste slag fiske og blei også brukt som føringsbåt/lastebåt i dei periodane den ikkje var på fiske.

Årsaka til at båten interesserar meg, var at den var eigd av min farfar Trygve Eriksen, Haugesund, ein periode. Båten hadde på mange måtar base i Valevåg der Eriksen ein periode eigde handelshus og gard. I Valevåg vardet  lagring av nøter og anna utstyr. Nøtene var lagra i sjøhuset på kaien og i eit naust som han bygde ut mot Bømlafjorden.

Det gamle styrehuset på båten før den gjekk gjennom ein større ombygging. FOTO: Privat

I periodar der båten ikkje var oppteken med fiske, vart den leigd inn som føringsbåt til Mølstrevåg Sildoljefabrikk, som var eigd og driven av Trygve sine to søner, Bror Trygve og Olle J. Eriksen. Båten gjekk gjennom fleire store ombyggingar. Den eine av dei blei gjennomført på Haugesund Mekaniske Verksted, der Trygve Eriksen var ein av hovudeigarane ein periode.

Mykje dokumentasjon

Eg har funne mykje dokumentasjon både gjennom ulike skipsregister og frå folk som arbeidde på båten. Det som er synd, er det ikkje har vore mogeleg å finna fangstdagbøker eller mannskapslister. Om nokon skulle ha tilgang på dette, hadde det vore fint å få sjå dei.

For å gjera oversikten enklare, har eg delt inn teksten i forhold til byte av eigar/byte av namn på båten.

«Kittiwake» (1938): Bygd på Charlestone Shipbuilding & and Dry Dock Co Ltd. For rederiet Portland Trawling Co. Båten blei, om namnet seier, brukt til tråling.

MS «Haugar» før ombygging. FOTO: Privat

«USS Curlew» (1940): Rekvirert /kjøpt til den amerikanske marine. Det er litt usikkert om båten blei kjøpt eller rekvirert til marinen. I amerikanske skipsregister står det begge delar. Båten blei ombygd til minesveipar. Mellom anna blei det sett på respons på sidene, både for å gje betre stabilitet og få større lasteevne. Det var denne påbygginga som gjorde at ein gammal fiskar sa at dette var den styggaste båten som nokon gang hadde gått på norskekysten.

I tillegg til utbygginga på sidene, har den ein spesiell hekk og baug, som gjorde at den var lett å kjenna igjen. Den fekk ulike utnamn, som maurslukaren og gravid flodhest. Det har blitt sagt at alle minesveiparar måtte vera av tre, elles så risikerte ein at «krypstraum» eller statisk elektrisitet i skroget kunne løysa ut miner. Dette fann ein ut korleis ein skulle unngå ved å leia straumen bort frå skroget.

For å få eksportløyve og fiskekvote i USA, gjennomgjekk båten ein ny stor ombygging før den blei selt tilbake til USA. FOTO: Privat

Etter krigen

US Maritime Commission: Då krigen var over, blei båten, saman med andre fartøy brukt av US Marines, overført til US Maritime Commission.

MS «Raagan» (1947): Dette året blei båten seld til rederiet AS Raagan eigd av Thorleif Lea, Haugesund.

MS «Haugar» (1947): Båten blei seld vidare til DS AS Aslaug eigd av Trygve Eriksen. Båten blei både brukt til ulikt fiske og fraktefart. Sildoljefabrikkane i distriktet hadde saman inngått ein avtale om kor mykje sild den einskilde fabrikken skulle ha. I samband med dette blei «Haugar» leigd inn til Mølstrevåg Sildoljefabrikk, som var eigd av brødrene Olle Johan Eriksen og Bror Trygve Eriksen.

Her skulle den fungera som føringsbåt og kjøpa inn sild til fabrikken når den ikkje var på fiske sjølv. Etter ikkje mange år blei det oppdaga at nokre fabrikkar ikkje heldt seg til avtalen, og den blei difor avslutta.

Registreringar i skipsregisteret. FOTO: Privat

Større ombygging

MS «Haugar» (1966): Gjennomgjekk ei større ombygging på Haugesunds Mekaniske Verksted. «Haugar» blei bygd om til kraftblokk og skulle fiska som ringnotsnurpar, fekk nytt styrehus og blei forlenga. Den fekk då lasteevne på 4300 Hl. I 1967 blei det byta motor på 1100 BHK.

MS «Haugar» (1972): Båten blei overtatt av Olle Johan Eriksen partrederi. Ved denne endringa kom fleire personar både frå Karmøy og Haugesund, men disponent for selskapet var Olle Johan Eriksen. Det blei og rekruttert mannskap frå Karmøy, Haugesundshalvøya og Sunnhordland. I 1974 blei det installert ny hovudmotor, ein 4-takts, 6-syliner, 1100 BHK.

1969/70: Båten var på loddefiske.

1976: A/S ERICO.

1976: «Haugar» blei seld vidare til Tore Ulsund PR, Egersund.

Som ein nybygd fiskebåt

1979: Bluewater Partnership (Søren A. Sørensen) og båten fekk namnet «Bluewater», Seattle. Før båten gjekk til USA blei det på nytt gjennomført ei stor ombygging. Dette bei gjort på Karmsund Verft & Mek. Verksted A/S.

«Clipper Express» – slik såg båten ut sist den blei observert i USA i 2011. FOTO: Privat

I USA var det vernereglar for mellom anna fiskefartøy for å ivareta amerikanske fiskarar. Båtar som ikkje var bygd i USA, kunne ikkje importerast eller få amerikanske fiskekvotar. Etter det som er blitt sagt, var det berre dei opphavelege byggeidentifikasjonane som var igjen av det gamle skroget. Båten var i realiteten som ein nybygd fiskebåt. Formålet med ombyggingane var å få importløyve til USA. Det blei også montert ny motor som var bygd av Bergen Mek. Verksted (1760 BKH).

Siste observasjon

MS «Hassafjord» (2001): Båten blei sletta i Lloyds Register. «Vessels continued existing in doubt».

2011: Siste sikre observasjon av MS «Haugar» i Seattle.

Kjelder: www.Sjøhistorie.no/no/skip, Amerikansk skipsliste og diverse sider på Google.

Muntlege kjelder: Jan Eivind Eriksen, Olle Eriksen, Trygve Eriksen d.y., Morten Ulveraker, Jahn H. Vik, Magne Blom, Kjell Magnor Flotve og Harald Lothe Eriksen.