Bondhusvatnet i Kvinnherad.
Bondhusvatnet i Kvinnherad. FOTO: Ranveig NesseBilde 1 av 2
Padling ved Skinnhueneset.
Padling ved Skinnhueneset. FOTO: Jon Olav RolfsnesBilde 2 av 2

Velkommen til kystperleriket Sunnhordland!

Dagens ferietips i lokalavisene si nye reiselivssatsing Mitt ferietips landet rundt er i dag Sunnhordland. Nesten 40 lokalaviser vil utover sommaren gje deg tips om kva du kan oppleva i Noreg.

Frisk, ekte og spanande er dei tre orda som skildrar Sunnhordland. Ein kort båttur frå Bergen møter du eit spektakulært naturlandskap kor den mektige breen og fjorden møter havet!

Ein perfekt destinasjon for friske utandørsopplevingar som kajakk, vandring, sykkel og fiske. Du bestemmer sjølv om du vil gå aleine eller med omvisar. Sunnhordland byr på eit møte med den genuine kyst- og fjordkulturen og ein spanande vikinghistorie. På breen Folgefonna kan du oppleve den magiske blå isen. Med ein breførar får du guida turar både på brevatn og på breen. Ei heilt unik oppleving!

Ynskjer ein å slappa av og nyte fred og ro, kan ein vitja ei av dei mange sjarmerande hyttene. Dei historiske, familiedrevne hotella kan tilby perfekte omgjevnader i nærleik til naturen.

Sunnhordland har eit eldorado av hamner og gjestehamner for båtar og seglbåtar. Du kan planleggje ein lang ferie og reise frå gjestehamn til gjestehamn for å utforske øy- og fjordriket. Sunnhordland har òg fleire båthamner som er kåra til «årets båthamn» fleire gonger.

Dersom du kjem med bubil eller velger å overnatte i telt finn du mange idylliske stader for overnatting, i nærleik til sjøen og med moderne tilhøve.

Sunnhordland har fleire små og store fjordar. Langs Hardangerfjorden ligg romantiske Rosendal, med Skandinavias minste slott – Baroniet Rosendal med ein storslått renessansehage. Kontrastane i Sunnhordland er store, frå ytst i havet til inst i fjorden og opp på breen. Her er eit mangfald av aktivitetar, der du kjem tett på naturen.

Velkomen til eventyrlege opplevingar i Sunnhordland!