Ellen Marie står på for å få kontoret klart til opning. Frå i morgon kan du treffa Susanne, Kari og Ellen Marie live på kontoret igjen.
Ellen Marie står på for å få kontoret klart til opning. Frå i morgon kan du treffa Susanne, Kari og Ellen Marie live på kontoret igjen. FOTO: Susanne Lie Vallestad

Vestavind opnar kontoret for besøk

Frå og med i morgon torsdag 4. juni kan lesarar og annonsørar besøka oss på kontoret igjen.

Dei to første dagane etter pinse blir – i tillegg til å gjera ferdig papiravisa – brukt til å flytta redaksjon og marknadsavdeling tilbake frå heimekontor og gjera klart både kontorplassar og besøksområde etter smittervernplanen.
Me kan maksimum ha to besøkande inne samstundes, og det er derfor lurt å avtala på førehand kortid ein kjem. Du får sjølvsagt besøka oss utan avtale også, men då kan det henda at du må venta litt før du får koma inn. Alle besøkande vil bli loggført.
Me er glade for å vera på plass i Sveio sentrum igjen, og ser fram til å sjå dykk! Hald fram med å tipsa oss om stort og smått, både i kontortida og på mail.