nyhende
Skattkammeret satsar på sommarsportsutstyr
Tysdag fekk Skattkammeret ved Sveio frivilligsentral overrekt eit tilskot på 200.000 kroner frå Sparebankstiftelsen. Saman med 105.000 kroner frå Bufdir set dette det lokale Skattkammeret i stand til kjøpa inn meir utstyr til sommaraktivitetar.
– Tidlegare har det vore mest etterspurnad etter vintersportsutstyr, men i år merkar me at fleire kjem for å låna utstyr til sommaraktivitetar, fortel Kristianne Uri og Guro Røher Eriksen ved Sveio frivilligsentral.
Skattkammeret og resten av frivilligsentralen har vore stengt i vår på grunn av koronapandemien, men opna igjen for eit par veker sidan. Uri og Eriksen fortel at mange har vore innom for å låna sommarsportsutstyr dei siste dagane. Hengekøyer er svært populære, og også utstyr til aktivitetar SUP-brett og anna utstyr til vassaktivitetar.
– På grunn av dei tilskota me har fått til dette føremålet, har me alt vore og handla inn ein del nytt utstyr. Meir skal det bli, lovar dei to damene.
Fleire låntakarar
I fjor var i underkant av 200 låntakarar innom Skattkammeret. Dei lånte 570 ulike gjenstandar. Trass i stenginga i år trur Uri og Røher Eriksen at det kan bli endå fleire i år. Og dei merkar seg at dei stadig ser nye andlet. Det kan skuldast at tilbodet blir betre kjent etter kvart, men også at behova er større i år på grunn av reiserestriksjonar eller folk sin økonomi.
Ein del av midlane frå Sparebankstiftelsen skal også brukast i samband med flytting av Skattkammeret og resten av frivilligsentralen til nye lokale. Frivilligsentralen held til i Sambrukshuset. Der leiger også Sveio skule ein del rom medan skulen er under utbygging.
Når skulen flyttar tilbake til eigne lokale, skal frivilligsentralen overta fleire rom i bygget. Her får Skattkammeret meir plass til utstyret sitt, medan frivilligsentralen får kontor i andre høgda.
Sommaraktivitetar
Frivilligsentralen planlegg også dette året sommaraktivitetar for barn dei to første vekene i skuleferien. Drømmesommer blir dette opplegget kalla. På grunn av smitteverntiltaka, må frivilligsentralen prioritera litt annleis når det kjem til tildeling av plassar.
– Opplegget blir også annleis. I år inviterer me familiar, ikkje berre barn. Deltakarane må sjølve syta for transporten fram til aktivitetsstadene, og dei må vera saman om aktivitetane.
Frivilligsentralen har leigd inn instruktørar, og dei kan tilby både keramikkverkstad, matlaging, paintball og mykje anna. Uri og Røher Eriksen skal sjølv vera med på uteaktivitetar ved Vigdarvatnet. Også Drømmesommer-tilbodet er finansiert gjennom eit tilskot på 105.000 kroner frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Aktivitetspakkar
Medan frivilligsentralen var stengt tidlegare i år, samarbeidde dei med NAV og barneverntenesta om såkalla aktivitetspakkar til familiar. 32 familiar fekk nyta godt av dette tilbodet. Pakkane inneheldt gåvekort på mat, kinobillettar, hygieneartiklar, mapper med orienteringskart og meir.
– Litt for små og litt for store, seier Uri.
Aktivitetspakkane blei finansierte gjennom omdisponering av eit tidlegare tilskott frå Sparebankstiftelsen, som er ein av frivilligsentralane sine fremste sponsorar. Uri og Røher Eriksen rosar elles Haugesund Sparebank, Haugaland Kraft og Bremnes Seashore for god støtte.