nyhende
Bra etterspurnad etter hytter, men få vil selja
Mange har endra ferieplanar grunna korona-pandemien, no skal det ferierast i heimlandet. Dette har ført til at det har blitt meir attraktivt å kjøpa hytte.
Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser ein betydeleg auke i sal fritidsbustadar samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Usikkerheita rundt når ein kan reisa til utlandet igjen har bidratt til å løfta hyttemarknaden opp igjen.
– Det er god aktivitet blant kjøparane i fritidsmarknaden, seier Leiv Helge Kaldheim, dagleg leiar Privatmegleren Østbø & Kaldheim. Han begrunnar dette med restriksjonane i reiseverksemd, samt eit oppdemma behov for ønskje om å skaffa familien ein fritidsbustad.
Overvekt av kjøparar
Men både hytte- og bustadmarknaden generelt er litt spesiell for tida, kan Kaldheim fortelja.
– Seljarane er noko meir avventande, slik at me for tida opplever ein fritidsmarknad med overvekt av kjøparar. Dette står i kontrast til bustadmarknaden, der me har overvekt av seljarar. Ein del seljarar er framleis i den trua at korona-viruset har verka negativt på prisutviklinga, noko som ikkje blir understøtta av salstala me no har fått frå mars og april. Tvert imot opplever me ein liten prisvekst, me ser på dette meir som ein stabilt, positiv marknad.
Mange vil til Sveio
Ifølgje meklaren er Sveio er ein attraktiv destinasjon for kjøparar av fritidsbustad, og kanskje særleg områda rundt Ålfjorden, Valevåg og også Buavåg og Viksefjorden.
– Dette er likevel individuelt i forhold til kjøpar sine relasjonar til området, det vera seg tidlegare erfaringar, oppvekst eller venner.
Eigedomsmeklaren opplever at kjøparane melder seg på alt frå dei enklaste, eldre hyttene utan større fasilitetar som vatn, avløp og nærleik til sjø, til nyare sjøeigedomar. Hytter til vatn er også etterspurde, då desse oftast ligg lågare i pris enn hytter til sjø.
I følgje SSB er det ein svak nedgang i tal omsette bustadar i første kvartal i år. Totalt i denne perioden blei det omsett 24.870 bustadar og 2.700 fritidsbustadar i fritt sal her i landet. Fritt sal betyr at eigedomen er omsett til ein pris som svarar til marknadsverdien.