Storebø-1
FOTO: INGE TOKJEBilde 1 av 4
DSC_0209-1-scaled
Bilde 2 av 4
IMG_0656
Bilde 3 av 4
IMG_0991
Bilde 4 av 4

Velkomen til Austevoll – med friske opplevingar i eit eventyrleg øyrike!

Dagens ferietips i lokalavisene si nye reiselivssatsing Mitt ferietips landet rundt er i dag frå Austevoll. Nesten 40 lokalaviser vil utover sommaren gje deg tips om kva du kan oppleva i Noreg.

Kommunen består av 667 øyar, holmar og skjer. Det er fastbuande på om lag eit dusin av øyane , og mange er samansveisa med bruer. Det går snøggbåtar mellom øyane, og det er difor ideelt for øyhopping. Austevoll ligg heilt i havgapet med friske bylgeskvulp i vind og vêr, og nydelege solnedgangar når havet ligg flatt og sola bader seg i havet.

Austevoll har òg ei rekkje godt merka turstiar som går i vakre lyngheier, mystiske skogar og ytst på svaberg. Lune familievenlege turområde og leikearena med badeplassar, både ved ferskvatn og i sjø. Havet er rikt på fisk og det kan leigast utstyr for å fiska frå både båt og land.

Øykommunen er eit eldorado for sykling, padling, kiting, surfing og elles alle typer vassport.