- Barn og unge er både dagens og framtidas trafikantar. Me må tenkja på deira behov og interesser når me planlegg trafikk og transportsystem, seier Knut Arild Hareide.
- Barn og unge er både dagens og framtidas trafikantar. Me må tenkja på deira behov og interesser når me planlegg trafikk og transportsystem, seier Knut Arild Hareide. FOTO: Vidar Ruud / NTB Scanpix

Fortel korleis du vil trafikken skal vera

Samferdsleminister Knut Arild Hareide vil vita kva barn i heile landet meinar er viktig i framtidas trafikkvardag.

Derfor arrangerer Trygg Trafikk på vegne av Samferdsledepartementet ein nasjonal teikne- og skrivekonkurranse der ein av premiane er å møta Hareide. Innspela vil vera viktige bidrag til innhaldet i Barnas transportplan som gir føringar for kva myndigheitene skal satsa på for at barn skal kjenna seg trygge i trafikken.

Barnas transportplan er ein viktig del av Nasjonal transportplan, som skal handsamast av Stortinget våren 2021. Alle skular og barnehagar får informasjon om konkurransen. Fristen for å senda inn bidrag er 1. juli.

Ser ting vaksne ikkje ser

Dei som deltek kan sjølve velja om dei vil senda inn ein kort tekst eller ei teikning. Nokre teikningar og tekstar vil bli vald ut og vist fram i planen.

Dei som vil, kan også teikna eller skriva på fritida. Med litt hjelp frå foreldre kan dei levera sine bidrag på konkurransesida hos Trygg Trafikk.

– Det handlar ikkje berre om å bygga nye vegar, men også om kordan me oppfører oss i trafikken. Og ikkje minst kva som er viktig for barn å læra for å bli trygge trafikanter. Barna ser ting me vaksne ofte ikkje ser, og dei kan bringa inn aspekt som ikkje ville blitt synlege om barna ikkje blir spurt, seier Ragnhild Meisfjord, opplæringssjef i Trygg Trafikk.

Håper på stort engasjement

Samferdsleminister Knut Arild Hareide ser fram til å få tankar og meiningar frå barn over heile landet. Han håper på stort engasjement blant dei yngste trafikantene.

– Barn og unge er både dagens og framtidas trafikantar. Me må tenkja på deira behov og interesser når me planlegg trafikk og transportsystem. Trygge skulevegar, transport som ikkje forureinar og transporttilbod som gjer det enkelt for barn og unge å klara seg sjølv i størst mogeleg grad. Det er eksempel på ting eg trur er viktig for at barn og unge skal føla seg trygge og ivaretatt, seier Hareide.