- NAV er avhengig av hjelp frå arbeidsgjevarane for få utbetalt pengane, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.
- NAV er avhengig av hjelp frå arbeidsgjevarane for få utbetalt pengane, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland. FOTO: NAV

Lønskompensasjon til permitterte er klar

Løysinga for lønskompensasjon er klar, og NAV treng hjelp frå arbeidsgjevarane for å få utbetalt pengane til permitterte.

– Me veit at det er mange som ventar på å få utbetalt lønskompensasjon for 18 dagar av permitteringsperioden. NAV er avhengig av hjelp frå arbeidsgjevarane for få utbetalt pengane, seier Astrid Østerlid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Lønskompensasjon skal sikra permitterte full lønn inntil 6 G frå 3. til 20. dag av permitteringsperioden. 1 G er for tida 99.858 kroner. Løysinga som no er på plass vil utbetala både refusjon til arbeidsgjevarar som har forskuttert lønn og lønskompensasjon til dei permitterte arbeidstakarane som ikkje har fått forskuttert lønn.

Betalar ut når arbeidsgjevar har rapportert

– Arbeidsgjevarar skal gjere to ting. Det eine er å rapportere om permittering og arbeidsforhold i a-meldinga. Det andre er å legga inn informasjon om dei permitterte i løysinga på nav.no. NAV vil betala ut pengane i løpet av to til tre virkedagar, seier Østerlid.

Det er meir informasjon om lønskompensasjonsordninga her.

Arbeidsgjevarar kan blant anna få høyra meir om lønnskompensasjonsordning og NAV sine tenester på eit digitalt frukostmøte i morgon, torsdag.

Over 70 påmeldte til no

Då inviterer NAV region Sunnhordland til eit digitalt frukostmøte med temaet NAV sine tenester til arbeidsgjevarar. NAV gir blant anna tenester til arbeidsgjevarar innan rekruttering, omstilling, sjukefråver og inkluderande arbeidsliv.

– Arbeidsgjevarar er viktige samarbeidspartnarar som me må ha med på laget dersom me skal løyse samfunnsoppdraget til NAV. Det er til no over 70 påmeldte, og det er plass til fleire, seier Østerlid.

I frukostmøtet vil NAV svara på førehandsinnsendte spørsmål frå arbeidsgjevarane. Frukostmøtet vert streama via NAV si webinarløysing, og påmeldingsfristen er i dag.