Utrykningspolitiet hadde onsdag laserkontroll sør for Haukås.
FOTO: Ellen Marie Hagevik

Pengane rulla inn under laserkontroll

Onsdag mellom klokka 10.00 og 13.00 hadde Utrykningspolitiet laserkontroll i 80-sona på E 39 sør for Haukås.

12 førar køyrde for fort og fekk forenkla forelegg. Høgaste fart vart målt til 109 km/t.

Så mykje kosta det å kjøra for fort i 80-sona:

  • til og med 5 km/t – kr. 800
  • til og med 10 km/t – kr. 2.100
  • til og med 15 km/t – kr. 3.400
  • til og med 20 km/t – kr. 4.700
  • til og med 25 km/t – kr. 6.400
  • til og med 30 km/t – kr. 8.500
  • til og med 35 km/t – kr. 10.200
  • Over: Førerkortbeslag
    Kjelde: Lovdata