Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto FOTO: Ellen Marie Hagevik

Kua er løysinga – kva var problemet?

Høgre sin politikk skal legge til rette for eit lønsamt og berekraftig landbruk over heile landet. Denne ambisjonen bør vere rettleiande når vi tar stilling til Klimakur 2030.

Misforstå oss rett; Landbruket skal gjere sin del i reduksjon av utsleppa, på same måte som samferdselssektoren. Spørsmålet er berre korleis?

Kua er under lupa. Nokre har tatt til orde for å redusere kjøttforbruket. Vi  meiner at her bør vi alle sjå mest på korleis utslepp kan kuttast i heile landbruket. Raudt kjøtt som den store syndaren, bidreg til ei innsnevring av ein viktig debatt.

Landbruket har sjølv offensive planar for å kutte klimagassutsleppa. Dei var den første næringa som inngjekk ein forpliktande klimaavtale med regjeringa. Likevel har Klimakur 2030 kosthaldsråd som talar for reduksjon av raudt kjøtt, noko som har skapt uro i store delar av landbruket.

Vi ønskjer å vere tydelege på at Klimakur 2030 ikkje er regjeringa si politikk. Det er eit  kunnskapsgrunnlag, gjort på bestilling av regjeringa, som skisserer moglege tiltak for å redusere klimagassutsleppa.

Det har kanskje ikkje kome så godt fram, men Klimakur 2030 er svært tydeleg også på nedsida for landbruket ved å redusere mengda raudt kjøtt som folk et. Det kan føre til at store delar av norsk produksjonsareal vil gå ut av produksjon då det mange stader ikkje er naturgitte forhold for dyrking av korn, frukt og grønt. Hordaland og Vestland kjem spesielt dårleg ut her.

Ein nedgang i talet på kyr og sau ville gjort det vanskeleg å halde oppe eit heilskapleg kulturlandskap. Det ville kunne ført til at omlag 6.300 årsverk blei lagde ned. Det er dramatisk for norsk landbruk, og det bryt med ein politikk som vil legge til rette for eit landbruk over heile landet.

Høgre sin klimapolitikk tar utgangspunkt i at vi skal kutte utsleppa, ikkje utviklinga. Noreg treng eit robust landbruk.

Over tid har vi sett at mat-trendane har endra seg og at etterspørselen etter raudt kjøtt er reduserte. Når vi et kjøt, skal vi kunne ete i full forvissing om at den norske bonden gir oss eit produkt med lågast mogleg klimaavtrykk. Her har vi òg klare forventningar til at landbruket held fram den viktige jobben dei gjer med å sikre mat i verdsklasse og samtidig som dei reduserer utslepp.

Kua er ingen miljøversting, men metanutsleppa er ei utfordring for klima. Vi skal ikkje ha «kuskam», men vi må kunne diskutere korleis vi skal redusere dei totale utsleppa i landbruket.

Ei frisk ku ei klimavennleg ku. Friske dyr treng mindre fôr, dei veks raskare og produserer meir mjølk og kjøt. Noreg har blant dei friskaste dyra i verda. I tillegg har vi sterke forskingsmiljø som ligg langt framme med å finne fôrløysingar for å redusere metanutsleppa.

Og ikkje nok med det, no vert det etablert biogassanlegg, mellom på Stord, som vil kunne gjere seg nytte av både slakteriavfall og kuskit, og lage dette om til energi. Det vil bety at vi kan utnytte slike råstoff enno betre, og bonden kan få attende gjødsel frå produksjonen av biogass. Reine kinderegget.

Mindre kjøtt på menyen gir ingen automatisk klimagevinst. Klimakostnaden til det du byter ut kjøttet med er like viktig. Det blir komplekse reknestykke. Debatten om klimakur 2030 må romme denne kompleksiteten.

Landsbruksnettverket i Høgre

Liv Kari Eskeland
stortingsrepresentant Høgre

og

Lars Einar Hollund
Sveio Høgre