Bjarne Våga med kjempebreiflabben som vart teke på garn i Ålfjorden.
Bjarne Våga med kjempebreiflabben som vart teke på garn i Ålfjorden. FOTO: Privat

Del fiskefangsten din

Det seiest at det kjem til å bli tidenes fiskesommar fordi mange fleire enn vanleg prøver seg på fisking som fritidsaktivitet i år. Vestavind inviterer små og store til å dela fangst og fiskeopplevingar med lesarane.

Det er alltid spanande med spesielle fangstar. Uvanlege artar eller uvanleg store fiskar. Men det treng ikkje vera så spektakulært som den over 60 kilo tunge breiflabben Tore Ravn Ottesen og Bjarne Våga fekk på garn i Ålfjorden.

Fekk breiflabb-beist i garnet

Fiskelukka og fiskegleda kan vera like stor for den første fisken eller ein ny art. Eller rett og slett at det var ein fin fisketur. Send bilde og tekst med info om kven som er på bildet, kvar bildet er tatt, og gjerne nokre ord om fisketuren og eit mobilnummer me kan nå innsendaren på. Mailen sende du til redaksjonen@vestavind-sveio.no.

Har lansert ny fiskeapp

Kart og satelittfoto viser kvar du kan få fisk i den nye appen FiskHer.

Både for erfarne og nye fiskarar har det kome ein app som er verd å sjekka ut: FiskHer. Den blei lansert 1. juni, er utvikla av nokre av dei beste fiskarane i Noreg, og har kart over fiskeplassar i heile landet.

– Me har funne fram til tett på 40.000 fiskeområder langs heile norskekysten, der sjansane er gode for å fanga akkurat den fisken du helst vil ha. Ved hjelp av avanserte sjøkart og detaljerte satelittbilder, viser me deg kvar du finn torsk, brosme, sjøaure, kveite og ytterlegare 12 artar ypperleg matfisk, seier Asgeir Alvestad, som har fiska flest artar i Noreg.

Ein av mange nyttige funksjonane er fiskegjenkjenning. Lurer du på kva fisk du har fått, tar du bilde av fangsten med mobilen og få svar på appen.