Besseggen.
Besseggen. FOTO: Arve DanielsenBilde 1 av 4
Bukkene bruse.
Bukkene bruse. FOTO: Arve DanielsenBilde 2 av 4
Fisking i Sjoa.
Fisking i Sjoa. FOTO: Arve DanielsenBilde 3 av 4
Galdhøpiggen.
Galdhøpiggen. FOTO: Arve DanielsenBilde 4 av 4

Ottadalen – utgangspunktet for gode ferieminne

Dagens ferietips i lokalavisene si nye reiselivssatsing Mitt ferietips landet rundt er i dag frå Ottadalen. Nesten 40 lokalaviser vil utover sommaren gje deg tips om kva du kan oppleva i Noreg.

Kva skal ein skrive om Ottadalen utan å bruke alle klisjear og flosklar einkvar vil ty til for å marknadsføre området sitt? Svaret er enkelt – det går ikkje an. Det einaste vi kanskje manglar er ein fjord med saltvatn. Men, vegen til fjordane er ikkje lang, vi seier vi har det òg.

Ottadalen kling kanskje heller ukjent som geografisk område eller eit reisemål. Men kva om vi seier Vågå, Lom og Skjåk? Eller Besseggen, Bakeriet og Breheimen? Eller Arne Brimi? Kva med Galdhøpiggen og Glittertind? Jotunheimen? Breheimen? Reinheimen? Det er her, med utgangspunkt i Ottadalen du finn det! Vågå, Lom og Skjåk har faktisk alt du ser etter om du er interessert i natur- og matopplevingar. For ikkje å snakke om kultur. Nå er det ikkje slik at du blir møtt av ein folkemusikar og eit gourmetmåltid når du går til topps på Galdhøpiggen, men det er neimen ikkje langt unna. Du treng iallfall ikkje langt etter det. Ottadalen, om lag 13 mil lang, kan vera utgangspunktet for dei beste ferieminna du nokon gong vil få.