Valestrand Mannskor vart grunnlagt i 2013, og er ein arena for song, musikk og sosialt og kulturelt samvære. Per i dag tel koret 28 medlemmer og har faste øvingar kvar veke.
Valestrand Mannskor vart grunnlagt i 2013, og er ein arena for song, musikk og sosialt og kulturelt samvære. Per i dag tel koret 28 medlemmer og har faste øvingar kvar veke. FOTO: Bjarne Hetlesæter

Fekk 22.000 kroner til lydutstyr

Valestrand Mannskor har fått pengar av Kulturrom til innkjøp av nytt lydutstyr. – Tilskotet er svært viktig for den vidare drifta og utviklinga av koret, seier styreleiar Bjarne Hetlesæter.

Til årets første hovudsøknadsfrist fekk Kulturrom (tidl. MUO) inn rekordmange søknadar om tilskot. Kulturrom sitt fordelingsutval (FU) har behandla 216 søknadar med ein samla investeringssum på 157 millionar kroner. Det er tildelt totalt 20,6 millionar fordelt på 109 søknadar.

Valestrand Mannskor har fått tildelt 22.000 kroner. Pengane skal brukast til innkjøp av nytt lydutstyr. I tillegg til pengane er også koret ein av fem søkarar som blir presenterte på Kulturrom si nettside.

Inspirasjon og motivasjon

–  Med denne kjærkomne økonomiske drahjelpa får me høve til å erstatta gammalt utstyr som har vore i privat eige med nytt og moderne utstyr som koret sjølv kan ha full råderett over. Nytt utstyr vil vera til inspirasjon og motivasjon for både musikarane og resten av koret. Sidan Valestrand Mannskor ofte har konsertane sine i store kyrkjerom, er det også viktig med godt lydutstyr for at me skal greia å gje publikum den musikalske opplevinga dei har kome for, seier Bjarne Hetlesæter, styreleiar i koret.

Valestrand Mannskor vart grunnlagt i 2013, og er ein arena for song, musikk og sosialt og kulturelt samvære. Per i dag tel koret 28 medlemmer og har faste øvingar kvar veke. Koret deltek også på arrangement i regionen og har planar om enno meir aktivitet framover.

Lågterskeltilbod

–  Ut over det reint musikalske vil koret framstå som meir profesjonelt med moderne og meir komplett lydutstyr i tillegg til nytt trommesett/slagverk. Tilskotet fører også til at Valestrand Mannskor kan halda fram med å vera det lågterskeltilbodet det var tenkt til i oppstarten for sju år sidan. Mellom anna ved å ha eit nivå på kontingenten som ikkje ekskluderer nokon, seier Hetlesæter.

Frå 2019 har Kulturrom (tidlegare Musikkutstyrsordningen) fått eit utvida mandat fra å kunna vera ei tilskotsordning for det rytmiske musikkfeltet, til å bli ei ordning som også famnar heile musikkfeltet, dans og teater.