Vestavind kontoret
FOTO: Irene Flatnes Haldin, arkiv

Vestavind stenger kontoret

Slapp av! Overskrifta er ikkje så dramatisk som det ser ut til. Me skal rett og slett ha ferie og sommarstengt.

 

I ein så liten redaksjon som Vestavind, må me stenga kontoret, papiravisa og nettavisa i to veker for å få avvikla ferien. Dette er det lang tradisjon for, og me brukar å varsla i god tid. I år har Vestavind sommarstengt i veke 28 og 29.

Siste avis før ferien kjem 2. juli, og fristar for den er som vanleg. Etter to veker sommarstenging, kjem det ut avis igjen 23. juli. Då startar me med blanke ark måndag 20. juli, og har to dagar på oss til å laga papiravisa.

Helsingar og annonsar

Difor treng me hjelp frå lesarane våre. Veit du at du skal ha inn ei helsing i 23. juli-avisa, send den allereie no, så kan me legga den inn i avisa før ferien. Det same gjeld for småannonsar. Bruk gjerne skjemaet på nettavisa til helsingar. Det finn du her.