Trivselsskogen.
Trivselsskogen.Bilde 1 av 2
Holvikejekta er den einaste i sitt slag i landet.
Holvikejekta er den einaste i sitt slag i landet.Bilde 2 av 2

Gloppen – ein rikare kvardag midt i verda

Dagens ferietips i lokalavisene si nye reiselivssatsing Mitt ferietips landet rundt er i dag frå Gloppen. Nesten 40 lokalaviser vil utover sommaren gje deg tips om kva du kan oppleva i Noreg.

Gloppen i Nordfjord, i hjartet av fjord-Noreg, har mykje å by på. Blenkjande fjordar og vatn, omkransa av grøderike bygder og høge fjell i eit landskap som kan ta pusten frå dei fleste.

Gloppen ligg midt i matfatet. Produksjonen av mat og drikke er stor, frå dei mange små lokalmatbedriftene til Tine sitt meierianlegg på Byrkjelo, som produserer halvparten av all Norvegia-osten i landet.

Er du glad i å fiske, er det nesten tallause vatn med smellfeit aure å velje mellom, eller kanskje freistar det meir med ein tur i ei av dei mange lakseelvane i kommunen? Nordfjord Folkemuseum med den unike Holvikejekta finn du i kommunesenteret Sandane, og Nordfjord Stisenter er plassen å vere om du likar utfordringar på sykkelsetet. Turmoglegheitene står i kø, frå vandring på Jostedalsbreen til den fantastiske, sentrumsnære Trivselsskogen med eige fosseteater.

Når auga treng kvile, er det gode senger på det historiske, prisløna Gloppen Hotell, eller kanskje freistar det å prøve Engeset Trehytter, med spektakulær utsikt over den vakre bygda – midt i verda.