Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio.
FOTO: ARKIV
Måndag kveld vart det ein viltpåkøyrsel i Sveio. FOTO: ARKIV

Politiet måtte fjerna full mann

Måndag ettermiddag fekk politiet melding om at det var ønska hjelp med ein mann hadde dukka opp ved ein bustad i Sveio.

Meldaren fortalte at mannen hadde kome i drosje og var svært berusa. Mannen, som er i 60-åra, var ikkje ønska på staden, og politiet måtte hjelpa til med å fjerna han.

Mannen har slekt i huset han oppsøkte. Han er også ein såkalla kjenning av politiet. Då politiet kom til staden, var mannen ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv, så han vart teke med til arresten i Haugesund. Der fekk han sova ut rusen og dra heim tysdag.