-  Me ønskjer at våre abonnentar skal få avisa på utgjevingsdagen og ikkje ein dag seinare annakvar veke, seier dagleg leiar Susanne Lie Vallestad.
-  Me ønskjer at våre abonnentar skal få avisa på utgjevingsdagen og ikkje ein dag seinare annakvar veke, seier dagleg leiar Susanne Lie Vallestad. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Me ber om tålmod

Posten har vunne anbod på avisdistribusjon, men endrar postleveringa frå 7. juli. Vestavind jobbar med å finna gode løysingar slik at alle får avisa om torsdagen.

Distribusjon er kompliserte greier, så her er den enkle versjonen:

Posten endrar frå 7. juli postleveringa til annankvar dag, og med vekselvis to dagar ei veke og tre dagar neste veke. Altså forskjellige dagar frå veke til veke. For Vestavind ville det med Posten vore levering torsdag ei veke, og fredag ei anna veke.

Posten vann anbodet på distribusjon av papiravisa til dei abonnentane som ikkje blir dekka av avisene sine eigne bodselskap på kvardagar. Dei dagane det ikkje er ordinær postdistribusjon, vil Posten berre distribuera til abonnentar som er innanfor anbodsgeografien.

Jobbar for at alle skal få avisa torsdagen

Dei dagane Posten ikkje har ordinær omdeling, må leveringa av avisa gjerast av andre. Staten har derfor gått inn med midlar for å sikra avisdistribusjon i heile landet kvar dag.

–  Me ønskjer at våre abonnentar skal få avisa på utgjevingsdagen og ikkje ein dag seinare annakvar veke. For å få dette til, vil dei som ligg langs Posten si anbodsrute få avisa levert med Posten, og resten vil bli levert med bud, seier daglege leiar Susanne Lie Vallestad i Vestavind.

For deg som abonnent kan det vera at du ikkje merkar noko, og at det blir som før.

Meld frå

–  For andre kan det bli ei endring med at du no framover vil få avisa tidleg om morgon med budlevering, eller litt seinare på dagen med postlevering. Og for nokre få kan det vera at avisa kjem med Posten om fredagen annakvar veke til ei permanent løysing er på plass, seier Lie Vallestad.

Vestavind er budd på at det kan bli ein innkøyringsprosess, og følgjer opp etterlevering og klagar så godt me kan for at dette skal bli ei stabil løysing.

–  Om du ikkje har fått avisa, er det viktig at du tar kontakt. Me vil då ordna etterlevering og sjekka kor problemet ligg. Me håper også at våre abonnentar viser tålmod med oss i denne perioden, seier Lie Vallestad.

Sommarstrengt

Vestavind har feriestengt dei to første vekene ordningen går i gong. Me vonar det i løpet av desse vekene blir retta på feil ut frå erfaringar andre lokalaviser gjer i denne perioden.

Fredag 3. juli tar me «fellesferie» klokka 15.30. Frå då og fram til måndag 20. juli, vil kontoret, papiravisa og nettavisa halda sommarstengt. Neste avis frå Vestavind kjem 23. juli.

God sommar!