Vestavind kontoret
FOTO: Irene Flatnes Haldin, arkiv

Me har sommarstengt

Som vanleg held Vestavind sommarstengt i to veker i fellesferien. Me er tilbake på jobb måndag 20. juli. Neste avis kjem 23. juli.

Sommarstenginga gjeld også for nettavisa, men den er open for å legga inn helsingar. Dei kan du legga inn her.

Og har du ikkje planlagt ferien enno, kan det vera lurt å følgja med på nettavisa. Det vil koma nye reisetips med jamne mellomrom.

I ein så liten redaksjon som Vestavind, må me stenga for å få avvikla ferien. Dette er det lang tradisjon for. Siste avis før ferien kom ut 2. juli.

Etter sommarstenginga kjem første avis 23. juli. Då startar me med blanke ark måndag 20. juli, og har to dagar på oss til å laga papiravisa klar til trykking. Så send gjerne helsingar og småannonsar i god tid, sjølv om fristen er klokka 15.00 måndagen.