Den nye appen frå Artsdatabanken gjenkjenner automatisk kva dyre- eller plante art du har funne.
Den nye appen frå Artsdatabanken gjenkjenner automatisk kva dyre- eller plante art du har funne. FOTO: Wouter Koch, CC BY 4.0.

Inviterer til utprøving av app

Mange fleire enn vanleg er på tur i Noreg i år, og ikkje berre i ferien. No kan du vera med å testa ein ny turven. Appen Artsorakelet fortel kva for ein art du har funne.

På sekundar kan Artsorakelet hjelpa deg med å finna ut kva blomar du har plukka, eller kva sommarfuglen på campingen heiter.

Det er Arstdatabanken som utviklar Artsorakelet, og appen er spesialisert på norske dyre- og planteartar. Over 1,1 millionar bilete er samla inn av brukarane av Artsobservasjoner og dannar grunnlaget for gjenkjenning av ditt bilete når du brukar appen.

I sommar inviterer Artsdatabanken det norske folk til å delta i utprøvinga av appen på mobil eller PC. Du finn Artsorakelet på orakel.artsdatabanken.no, og den er enkel å bruka. Ta eit bilete, eller finn fram eit bilete du har frå før, og spør orakelet kva dette er. Svaret får du med det samme, og samtidig får du veta kor sikker Artsorakelet er på svaret.

Rapporter funn og lær meir

– Artsorakelet er blitt «trent opp» på bilete du og eg tar ­– ofte med mobilen – i all slags vêr og lys, og kanskje til og med i fart. Dermed er det flinkare til å tolka dine kvardagsbilete enn mange av dei andre appane som bestemmer artar, seier Ingrid Ertshus Mathisen, seksjonsleiar i Artsdatabanken.

Frå Artsoraklet kan du rapportera funn direkte i Artsobservasjoner. Det er lurt å dobbeltsjekka at det er riktig art først. Då kan du ta snarvegen inn i Artsdatabanken ved å trykka på artsnavnet, der du finn kvalitetssikra informasjon om svært mange artar i tenesta Arter på nett.

Bidrar til forskning og forvaltning

– Alle kan bruka Artsorakelet og dela sine funn med Artsobservasjoner. Her blir dei kvalitetssikra av ekspertar. På den måten bidrar du til forskning og forvaltning av naturmangfaldet her i landet. Samtidig får Artsorakelet enno flere bilete å trena på slik at det blir enno flinkare, sier Mathisen.

Artsdatabanken har utvikla Artsorakelet i samarbeid med NaturalisBiodiversity Center i Nederland, som er leiande på moderne naturformidling.