FOTO: Folkehelseinstituttet

Pasient har fått påvist koronasmitte

Ein pasient innlagt ved Haugesund sjukehus fekk måndag bekrefta å vera smitta av korona.

Helse Fonna stadfestar at ein pasient har fått påvist viruset Covid-19, men vil ikke opplysa anna enn at pasienten ikkje får intensivbehandling.

På spørsmål om kva tiltak som blir gjort, svarar kommunikasjonssjef Magne Kydland i Helse Fonna tysdag at Haugesund sjukehus følgjer dei vanlege rutinane dei har, knytt opp til at ein er i beredskap. Det gjeld både smittevern, testing og eventuelt karantene.

Sist veke vart det påvist koronasmitte hos fem unge vaksne, tre frå Haugesund og to frå Karmøy. I dag er det stadfesta at nok ein ung vaksen karmøybu er smitta.

Til Haugesunds Avis seier Martin Eikrem, smittevernlege for Karmøy, at det siste tilfellet er ein del av det same smitteutbrotet som dei fem i sist veke.