nyhende

Arne Valen trur interessa for dyrking av eigen mat berre vil auka. Og han meiner tilhøva for såkalla andelsjordbruk litt svært godt til rette i Sveio.
Arne Valen.

– Mange vil dyrka sin eigen mat

Andelsjordbruk kan bli ei ny nisje for små gardsbruk i Sveio. Og eit nytt tilbod til folk med interesse for dyrking av eigne nyttevekster, men utan areal å utfalda seg på.

Publisert Sist oppdatert

Andelsjordbruk

  • Andelsjordbruk er eit samarbeid mellom bønder og forbrukarar der ansvar og avlingar blir blir delt. Dette er meint å sikra avsetninga for bøndene, medan forbrukarane er sikra tilgang til kortreist mat som dei sjølve har vore med å dyrka fram.
  • I praksis skjer dette ved at bønder set av areal og legg til rette for produksjon. Forbrukarane kjøper andeler, gjerne for eitt år om gongen. Dei får vanlegvis vera med på å bestemma kva som skal produserast, og dei forpliktar seg også til å gjera dugnadsinnsats i form av planting, luking, innhausting osv.
  • Andelsjordbruksmodellen har vakse fram her i landet på 2000-talet etter initiativ frå mellom andre Norges Vel, Økologisk Norge, SIFO og Grønn Hverdag.  Prosjektet som bli leia av Økologisk Norge, blir støtta av mellom andre Telemarksforskning, Norsk Landbruksrådgivning, fylkesmennene, Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
  • Det første andelsjordbruket blei starta på Austlandet i 2006. I 2020 opplyser prosjektet på si nettside at det er 90 bruk i drift. Mellom desse er eitt på Karmøy og eitt i Etne.

Då kommunestyret behandla samfunnsdelen til kommuneplanen i midten av juni, fekk Arne Valen (Sp) gjennomslag for eit tilleggsforslag der det heiter at kommunen skal leggja til rette for andelsjordbruk. Og Sp-representanten har ikkje tenkt å stoppa med det.

I byrjinga av september håpar han å få til eit informasjonsmøte om temaet i samarbeid med Sveio Bonde- og Småbrukarlag. Målgruppa for eit slikt møte vil både vera bønder i kommunen og folk både i Sveio og nabokommunane som er interessert i å dyrka sin eigen mat.

Valen understrekar at det er bøndene og dei interesserte forbrukarane som må finna kvarandre. Kommunen si rolle blir først og fremst rådgjeving og ei positiv haldning til denne forma for landbruk.

– Passar godt i Sveio

– I Sveio ligg tilhøva svært godt til rette for andelsjordbruk. Her er mange små gardsbruk. Samstundes ligg me nær eit regionsentrum der det bur mykje folk som har lyst til å dyrka sin eigen mat. Men på grunn av buforholda kan dei ikkje gjera dette heime hos seg sjølve, seier Valen.

På småbruket på Våga har Elisabeth og Arne Valen også høns i tillegg til grønsaker, frukt og bær. Utegåande griser har dei også hatt, og tanken på sauer er ikkje heilt fjern.

Han trur ikkje den auka interessa for sjølvberging og eigenproduksjon denne våren vil avta med det første. Snarare tvert imot. Den pensjonerte bioingeniøren og leiaren for Kirkens bymisjon i Haugesund flytta sjølv tilbake til Sveio for nokre år sidan og busette seg på småbruket der besteforeldra budde i si tid.

Her trivst både han og kona Elisabeth med dyrking av både grønsaker, frukt og bær. Dei har også høns, nok til å selja litt egg. Som sin far driv Arne Valen også med birøkt. Han er leiar  av Haugaland birøktarlag, og det var i birøktarmiljøet han blei kjent med konseptet andelslandbruk.

– Edvar Kalstø er leiar i Karmøy birøktarlag. Saman med kona Anne Tove driv han med andelsjordbruk på Ådland, fortel Arne Valen.

Fleire på Haugalandet

Sveibuen Annlaug Fludal, som er rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving, stadfestar at Edvar og Anne Tove Kalstø er mellom dei som har lukkast best med andelsjordbruk på Haugalandet. I tillegg til dei har Ingemund Askeland nettopp starta opp med andelsjordbruk i Etne.

Dessutan kjenner Fludal til at sveibuen Kristian Eileraas kan vera i startgropa for eit prosjekt på garden sin heilt sør i Sveio. Det har også vore gjort eit forsøk med andelsjordbruk i Nedstrand, men her var oppslutnaden for liten.

Kristian Eileraas stadfestar si interesse ovanfor Vestavind.  Men han vil truleg satsa på frukt og bær, ikkje grønsaker. Eileraas er også leiar i Sveio bonde- og småbrukarlag, og seier at han vil be styret om å stilla seg bak det planlagte informasjonsmøtet til hausten.

Eileraas er dessutan leiar i Sveio Senterparti, så han og Valen har samarbeider tett på fleire område.

– Positivt for integrering

–  Andelsjordbruk har også ei klar sosial side, seier Valen, som trur eit slikt tilbod kan bli svært populært mellom anna blant innvandrarar. Mange av dei kjem frå land der dei har lange tradisjonar for å dyrka sin eigen mat, seier han.

På denne måten kan andelsjordbruk også vera til hjelp med integrering, meiner Valen. Som leiar i Kirkens bymisjon prøvde han i si tid å få til eit jordbruksprosjekt for fattige rumenerar på Ørpetveit. Det stranda på grunn av pengemangel.

Den sosiale sida stiller også ekstra krav til bønder som vil satsa på andelsjordbruk. Dei må trivast med å ha mange og ulike folk omkring seg i gardsarbeidet.

Powered by Labrador CMS