nyhende
Suksess med andelsjordbruk på Karmøy
Ekteparet Edvar og Anne Tove Kalstø er i gang med den tredje sesongen med andelsjordbruk på garden sin på Ådland i Karmøy. Erfaringane deira så langt er gode.
– Det første me måtte gjera etter at me hadde bestemt oss for å prøva andelsjordbruk, var å rekruttera deltakarar, fortel Anne Tove Kalstø.
Det er ho som har hovudansvaret for denne delen av gardsdrifta. Marknadsføringa skjedde då som nå først og fremst via Facebook. I tillegg har dei sett opp ein del plakatar i nærmiljøet.
Resultatet blei rundt 20 andelseigarar. Dei fleste kjem frå Karmøy, men nokre også frå Haugesund og til og med frå Sveio. Det har vore ein del gjennomtrekk frå år til år, men nye har kome til og talet har halde seg stabilt. Kalstø understrekar likevel at dei har plass til fleire.
Mange ulike grønsaker
– Me har sett av ein åker på knapt eitt mål til dyrking av mange ulike slag grønsaker. Dessutan har me potetåker og drivhus som andelseigarane også kan få tilgang til, fortel ho.
Andelseigarane får koma med innspel om kva som skal dyrkast når dei samlast til årsmøte i løpet av vinteren. Elles er det Kalstø som set opp plan og driv fram planter i drivhuset.
– Når andelseigarane kjem på den første dugnaden om våren, er åkeren opparbeidd og plantene klare til utplanting, fortel Kalstø vidare.
Fire dugnadar i sesongen
I alt er andelseigarane med på fire dugnadar kvar sesong. Dei er alle med i ei facebookgruppe, og her blir dei kvar veke informerte om kva slag grønsaker som er klare til hausting.
Andelseigarane hos Kalstø betalar 2.600 kroner i året for å vera med, og 500 kroner ekstra om dei vil ha tilgang til drivhuset der dei kan dyrka tomatar, agurk eller mais.
– Ein del av andelseigarane hos oss har stor nok hage til dyrking hos seg sjølve også, men er med her av sosiale grunnar og fordi dei ønskjer å læra meir om produksjon av grønsaker, seier karmøybonden.