kultur
Slepp sitt andre album
Glenn Rand med artistnamnet Glennen, har gitt ut to musikkalbum, det siste blir sleppt i dag, fredag 24. juli.
Glenn Rand er aktuell med albumet «Når Vinden Snur», som inneheld åtte låtar, inkludert «Mine auge lukka» som har blitt spela på diverse NRK-stasjonar i det siste.
– Tekstane omhandlar kjærleik, livet, døden, tryggleik, heimbygda og skrivesperre. Sjangeren er ein miks mellom tre musikalske førebilete i Hellbillies og Ed Sheeran, samt eit lite snev av Guns N» Roses i gitarsoloane, fortel artisten som går under namnet Glennen.
Heimestudio
Rand er snart 29 år, trebarnspappa, kjem opphavleg frå Hornindal i Nordfjord, men er nå busett i Sveio. Han fortel albumet er spela inn i hans eige heimestudio, og miksa av Peter Michelsen (Donkeyboy) ved Norsk Lydstudio i Mjøndalen.
Håpar på snarleg «live»
– Kva planar har du framover?
– Etter ein stor nedtur grunna Korona-virus, er planen å få starta opp igjen med konsertar slik at eg får presentert songane mine «live» for publikum, seier Rand som er musikkutdanna, og har blant anna praktisert som musikklærar ved Frakkagjerd ungdomsskule. No jobbar han offshore. Men heime i friperiodane er det fullt fokus på musikken og borna.