Ordførar Linn Therese Erve hadde sonen Gaute Osa Erve som hjelpegut då ho hadde kioskvakt laurdag.
Ordførar Linn Therese Erve hadde sonen Gaute Osa Erve som hjelpegut då ho hadde kioskvakt laurdag. FOTO: Unn RognerudBilde 1 av 4
Få kioskar har slik flott utsikt, og mange av kundane kallar strandområdet i Førde for ei perle.
Få kioskar har slik flott utsikt, og mange av kundane kallar strandområdet i Førde for ei perle. FOTO: Unn RognerudBilde 2 av 4
Leiar i Førde Bygdelag, Tor Inge Flåten, gjev ordføreren grundig opplæring. At ein også kan bruka kort, har vore med på å auka salet.
Leiar i Førde Bygdelag, Tor Inge Flåten, gjev ordføreren grundig opplæring. At ein også kan bruka kort, har vore med på å auka salet. FOTO: Unn RognerudBilde 3 av 4
I finvêret laurdag var det stadig nye kundar. Dei er både frå heile kommunen og besøkande til Rex Garden og stranda.
I finvêret laurdag var det stadig nye kundar. Dei er både frå heile kommunen og besøkande til Rex Garden og stranda. FOTO: Unn RognerudBilde 4 av 4

Kiosken er open når sola skin

På finvêrsdagar kan ein få kjøpt både etande og drikkande på stranda i Førde. Salet i kiosken til Førde Bygdelag blir gjort på dugnad, og laurdag var det ordføraren som tok ei vakt.

 

Salet av kafffi, vaflar, is, brus og saft starta i fjor sommar. Det vart så populært at ein har halde fram med det i år også. Kiosken er open i nesten fire timar når det er fint vêr, og dermed god sjansar for kundar. Tiltaket er populært og blir brukt av både kundar frå heile kommunen som kjem igjen gong etter gong, og besøkande til stranda og Rex Garden.

Ansvaret for salet går på omgang blant frivillige, og sist laurdag var det ordførar Linn Therese Erve som fekk opplæring av Tor Inge Flåten, leiar i Førde Bygdelag, før kiosken opna. Med seg som hjelpegut hadde ho sonen Gaute Osa Erve, og dei fekk ei travel kioskvakt med godt sal.

Har du lyst til å hjelpa til, er det berre å ta kontakt med bygdelagsleiar Flåten. Systemet som blir brukt er enkelt: trykk på bileta på Ipaden, og den reknar saman kva kundane skal betala.