Stengt tre gongar på tre dagar

Bømlofjordtunnelen har vore stengt ein periode i dag. Det var den også laurdag og sundag.

Det ser ut til at den store sommarferietrafikken også gjer seg utslag i Bømlafjordtunnelen. Årsaka til stenging alle dei tre siste dagane er den same: havarerte bilar som må bergast ut.

I dag kom meldinga om stengt tunnelen frå Vegtrafikksentalen vel eit kvarter over klokka 13.00. Då var bilbergar allereie på plass, og knappe 20 minuttar seinare var tunnelen open for trafikk igjen.

Laurdag var tunnelen stengt ein kort periode rundt klokka 18.00, og i går gjentok det same seg i 13-tida. Då varte stenginga vel ein halvtime.