sport

Arne Martin Helland (t.v.) og Ole Alexander Sveen Kallevik leika seg til ære for fotografen på sandvolleyballbanen i Sveio nokre dagar før avreise til NM. Med på turen er ein god heiagjeng med foreldre og familie.
Arne Martin Helland (t.v.) og Ole Alexander Sveen Kallevik leika seg til ære for fotografen på sandvolleyballbanen i Sveio nokre dagar før avreise til NM. Med på turen er ein god heiagjeng med foreldre og familie.

Klare for sandvolleyball-NM

I ettermiddag spelar Arne Martin Helland og Ole Alexander Sveen Kallevik sine første kampar i junior-NM i sandvolleyball i Oslo. Spelarane frå Sveio IL volleyball vart råda til å delta av verdas beste sandvolleyballspelar.

Publisert Sist oppdatert

Sveio IL har sandvolleyballbane, men interessa for denne delen av idretten har ikkje vore så stor. Men då koronapandemien sette ein stoppar for innetrening, fekk trenar Thor Viggo Østebrød heile GU15-laget med seg ut i sanden frå slutten av mai.

–  I innevolleyball spesialiserer ein seg gjerne, til dømes som forsvarsspelar. I sanden må ein vera god på alt, og det er 30 prosent hardare fysisk enn å trena inne på fast underlag. Du blir både ein betre teknisk spelar og i betre form av å spela sandvolleyball, fortel trenaren.

Ole Alexander Sveen Kallevik har spelt volleyball i åtte år, og Arne Martin Helland i fem år. I tillegg har dei spela sandvolleyball i tre år. Dei to makkerane var saman med Jakob Meland på Beachvolley Vikings sin sandvolleyballskule i Stavanger 9.-10. juli.

Lærte mykje av Beachvolley Vikings

Beachvolley Vikings består av Noregs fire beste sandvolleyballspelarar: Brørne Anders og Hendrik Mol (frå Strandvik), Mathias Berntsen og Christian Sørum. Og ikkje berre dei beste i Noreg. Anders Mol er fleire gonger kåra til verdas beste sandvolleyballspelar. Saman med makker Christian Sørum har han ei imponerande sigersliste å visa til, og dei er rangerte som verdas beste sandvolleyballag.

– Det var utruleg kjekt å vera med på, og me lærte mykje. Me fekk også spela på lag med dei, og det var inspirerande å sjå kor gode dei var. Dei fanga jo opp alle ballane uansett kor vanskeleg det var, fortel Arne Martin.

Verdas beste er jordnære, hyggelege karar som heiv seg rundt og arrangerte volleyballskule for ungdom i Strandvik, Stavanger, Kristiansand og Oslo i sommmar då verdsserien vart mellombels avlyst på grunn av koronapandemien.

Råda til å delta av verdas beste

Og når verdas beste sandvolleyballspelar seier til to av sine største fan at dei bør melda seg på junior-NM i sandvolleyball, då blir det slik.

– Anders meinte me burde prøva oss mot dei beste laga i Noreg for å sjå kor me ligg an. Det blir både gøy og tungt. To kampar kvar dag i innleiinga, så cupspel og sluttspel, fortel Ole Alexander.

Av dei 15 GU15-laga som er påmeldt til NM, er Arne Martin og Ole Alexander rangerte som nummer åtte.

– Me har slått dei som er rangert som nummer ein, så me veit at me kan slå dei, seier Ole Alexander.

Arne Martin er klar på at det berre er eit mål som tel:

– Å vinna NM. Og å ha det kjekt undervegs.

Powered by Labrador CMS