Påkjørte hjortevilt
Påkjørte hjortevilt FOTO: Helga-Mari Tessem

24 hjortevilt drepne i trafikken kvar dag

Nær 8.600 rådyr, elg, hjort og villrein blei påkøyrd av bil eller tog i jaktåret 2019/20. Det tilsvarar i gjennomsnitt 24 viltpåkøyrslar kvar dag.

Det var flest viltpåkøyrslar i perioden oktober til desember, medan det var færrast påkøyrslar om sommaren, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

I alt blei 12.300 hjortevilt registrert døde utanom jakta i jaktåret 2019/20, viser nye tal frå statistikken Avgang av hjortevilt utanom ordinær jakt. Det er ein nedgang på 13 prosent frå føregåande jaktår.

Trafikken var som vanleg den viktigaste dødsårsaka. Til saman blei 7.800 hjortevilt drepne av bil og 800 av tog.

Nedgang av trafikkdrepne rådyr

Elg og rådyr er mest utsett i trafikken. I alt blei vel 6.100 rådyr, 1.500 elg og 1.025 hjort drepne i trafikken i løpet av jaktåret 2019/20. Det representerer en nedgang på 3 prosent for rådyr, 1 prosent for hjort, mens for elg var det inga endring frå førre jaktår.

Flest dyr påkøyrde på fylkesvegane

I alt 980 elg og 970 hjort og 5.830 rådyr ble drepne i vegtrafikken. Over ein tredjedel av dyra blei påkjøyrd i årets tre siste månadar.

Av dei trafikkdrepne dyra blei to av tre påkøyrd på fylkesvegane. Påkøyrslane fordelte seg elles med 14 prosent på europavegane, 12 prosent på riksvegane og 7 prosent på kommunale vegar.

Hedmark har størst nedgang

Det er Hedmark som har størst nedgang av trafikkdrepne elg og rådyr, med ein nedgang på høvesvis 111 og 23 dyr. Det kan skuldast at det var ein snøfattig vinter i Hedmark.

I jaktåret 2019/20 var det ein avgang av på totalt 3.500 hjortevilt drepne av andre årsaker. Det er ein nedgang på 1600 dyr frå førre jaktår. Av hjort blei det registrert 800 færre avgangar i 2019/20 enn jaktåret før.