nyhende
To har testa positivt for korona
Torsdag vart det stadfesta at nok ein person er smitta av korona i Sveio. Personen er i nær familie til vedkommande som fekk påvist smitte tysdag kveld.
Smittesporing pågår for fullt, og per no er 13 personar testa og sett i karantene i påvente av prøvesvar.
– Dei to som har fått påvist smitte er i isolasjon, og ein følgjer smittevernreglane for dette, seier Ingunn Toft, kommunalsjef helse og omsorg i Sveio kommune.
Den nye personen som fekk påvist smitte i dag, torsdag, medfører ytterlegare smittesporing.
Får svar i kveld eller i morgon
– Kor mange det er snakk om har me ikkje oversikt over enno. Sidan dei to er i nær relasjon til kvarandre, vil ein del av nærkontaktane vera dei same som allereie er testa i samband med den første positive prøven, seier Toft.
Ho legg ikkje skjult på at ein er spent på resultat av prøvane som enno ikkje er undersøkt.
– Me får truleg svar på dei fleste i kveld eller i morgon. Får me fleire smittetilfelle, vil det kunna få konsekvensar for drifta vår og gje større utfordringar, seier Toft.
Kan få store konsekvensar
Som Vestavind skreiv i går er fire av nærkontaktane til det første tilfellet tilsette i helse og omsorg.
– Samstundes er det stor forskjell på mars og no. I mars hadde me planar for ulike scenarier, men ingen kommunar var rigga for pandemi i slikt omfang. Det er me no, og har planar for korleis ting skal løysast med 30 til 50 prosent sjukefråvær. Men det vil få store konsekvensar for drifta om me får eit større utbrot, spesielt sidan det er ferietid, seier Toft.