- Det er utruleg dårleg gjort å stikka av på denne måten, seier ekteparet Marita Sælevik Kvalheim og Jens-Tore Kvalheim. Bilen deira vart påkøyrd på parkeringsplassen ved Kiwi.
- Det er utruleg dårleg gjort å stikka av på denne måten, seier ekteparet Marita Sælevik Kvalheim og Jens-Tore Kvalheim. Bilen deira vart påkøyrd på parkeringsplassen ved Kiwi. FOTO: Ellen Marie Hagevik

Bilen fekk store skadar – syndaren stakk av

Ingen har meldt seg, og ingen har høyrt eller sett noko. No ber ekteparet Kvalheim om tips etter at bilen deira fekk store skadar måndag. Og håper bilete frå eit overvåkingskamera kan gje svar.

Med tre born i alderen 5 år til 2 månader, var det på tide med større bil. Den sølvgrå Citroën Picasso stasjonsvogna vart kjøpt tidlegare i sommar. Måndag morgon 27. juli parkerte Jens-Tore Kvalheim på Kiwi, heilt ut mot Sveiogata, for å gjera unna vekeshandelen.

Klokka var då 09.15. Då han kom ut med handlevogna og skulle legga varene i bilen ein halvtimtime seinare, hadde stasjonsvogna fått store skadar langs heile passasjersida. Det var også skadar på høgre framdekk og felg.

Først oppgitt, så sint

– Eg blei først oppgitt. Etterkvart blei eg sint, men først prøvde eg å finna ut om nokon hadde sett noko. Utan hell, fortell Jens-Tore.

Han og kona har høyrt med alle som heldt til i nærleiken av parkeringsplassen. Ingen har kunna hjelpa. Marita Sælevik Kvalheim la same dag ut eit innlegg på Ka skjer i Sveio på Facebook og bad om hjelp. Innlegget er delt 134 gonger, men heller ikkje det har hjelpt.

Omfattande skadar etter mørk bil

Dette synet møtte Jens-Tore Kvalheim då han kom ut frå Kiwi måndag morgon. I grusen nede til venstre ser ein spora etter bilen som køyrde på stasjonsvogna. FOTO: Privat

– Skadane er omfattande, og det må ha vore mykje lyd då det skjedde. Det er ein heil del mørk lakk som er skrapa av på vår bil, så den som har gjort dette køyrer ein mørk bil som må ha fått skadar. Ut frå skadane på vår bil, ser det ut som den mørke bilen har rygga ut, svinga for tidleg og skrapa langs vår bil med høgre side av fronten, seier Jens-Tore.

Saka er meldt til politiet, og forsikringsselskapet er kontakta. Vassbakk & Stol er også kontakta for å høyra om nokre av deira tilsette kan ha observert noko.

Ekteparet har ikkje så stort håp om at politiet kjem til å gjera noko med saka, men vonar dei i alle fall tek kontakt med Haugesund Sparebank for å få ut bilete frå overvakingskameraet der.

Må skifta begge dørene

– Om ikkje me får tips som fører fram til den som gjorde dette, håpar me overvakingsvideoen der kan gje svar. Banken kan ikkje gje ut bilete til privatpersonar, så det er politiet som må be om å få dei utlevert, seier Jens-Tore.

Marita har vore på verkstad og fått taksert skadane. Dei er så store at begge dørene må skiftast. Det samme gjeld felg og dekk framme på passasjersida. I tillegg kjem utretting og lakkering.

– Vekstaden reknar med at det tek 14 dagar frå bilen blir levert inn til me får den igjen. Me får leigebil på forsikringa. Men sidan den som gjorde dette ikkje har gjeve seg til kjenne, blir det veldig mykje ekstra styr, seier Marita.

– Utruleg dårleg gjort

Ekteparet vel å gå ut med saka i Vestavind i håp om at det kan føra til fleire tips. Har du sett eller høyrt noko, ta kontakt med dei, eller avisa.

– Me har vore ute for at folk har dunka borti bilen vår før. Uhell kan skje, og dei andre gongane har folk vore ærlege og gjeve beskjed, eller lagt igjen ein lapp på ruta. Det er utruleg dårleg gjort å stikka av på denne måten, seier ekteparet.