- Sjølv om mange svarar at dette kan dei, er me mest bekymra over alle dei som ikke kan lesa og forstå et sjøkart, sier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.
- Sjølv om mange svarar at dette kan dei, er me mest bekymra over alle dei som ikke kan lesa og forstå et sjøkart, sier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige. FOTO: Gjensidige

Ein av fem kan ikkje lesa sjøkart

Redningsselskapet melder om 50 prosent fleire grunnstøytingar enn normalt i sommar. Mange ferske båtførar på sjøen er ei årsak, men manglande kunnskap om sjøkart er også ein grunn.

Ei fersk undersøking gjort for Gjensidige, viser at ikkje alle er like stødige i navigering. I Hordaland svarar 20 prosent av båteigarane at dei har svært dårleg forståing av sjøkart, medan 78 prosent meiner dei les sjøkart svært godt eller ganske godt.

At ein av fem ikkje kan lesa sjøkart er ikkje bra med så stor trafikk på sjøen som det er i sommar. Hordalendingane er likevel godt over gjennomsnittet på landsbasis, som viser at 61 prosent kan lesa eit sjøkart medan 34 prosent ikkje kan.

– Sjølv om mange svarar at dette kan dei, er me mest bekymra over alle dei som ikke kan lesa og forstå et sjøkart, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Papirkart og kompass som backup

Det er Ipsos som har gjort undersøkinga for Gjensidige. Den viser mellom anna at det er nærare dobbelt så mange menn som kvinner som seier de har god kunnskap om sjøkart.

– Stol ikkje berre på at elektroniske hjelpemidlar som kartplottar, GPS og autopilot alltid fungerer, advarer Voll.

Han meiner det er svært viktig å ha ein backup med papirkart og kompass i båten, og å kunna bruka desse.

Flest grunnstøytingar og samanstøyt

Så langt i år har 75 prosent av alle båtskadar som er meldt til Gjensidige vore grunnstøytingar og samanstøyt. Det er også viktig å sjå ut av «vindauga» for å sjekka om kartet og omgjevnadane stemmer med kvarandre.

– Oppskrifta på ein trygg og god båtsesong treng ikkje å vera komplisert. Ta omsyn til omgjevnadane, senk farten, styr unna alkohol, bruk redningsvest og ikkje minst, bruk hovudet, seier Voll.

Her er tre eksempel frå i år:

Kjøpte ny seglbåt utan noko erfaring med segling frå før. Ville øva seg litt rett utanfor brygga, men etter kort tid gjekk seglbåten på grunn.

Erfaren båteigar køyrde på grunn. Hadde passert same stad mange gongar, men denne gongen var det fjære sjø. Båten gjekk på grunn og skada motor og skrog. I ettertid, men for seint, viste det seg at skjæret var merka av på eit kart. Sidan båteigaren hadde køyrt der før, trudde han at området var trygt.

Båtforhandlarar fortel om ferske båteigarar som ber om at båten blir køyrt «hjem til eiga brygge» på grunn av at dei sjølv har manglande kunnskap om det å føra ein båt.