Illustrasjonsfoto: ELLEN MARIE HAGEVIK
Illustrasjonsfoto: ELLEN MARIE HAGEVIK

Anmeldt for å ha narkotika

Natt til sundag vart ein bil i Sveio kontrollert av politiet. To personar vart anmeldt for å ha narkotika.

Politiet stoppa ikkje bilen, men sjekka den då den sto i ro i Emberland-området like etter klokka 01.00 natt til sundag.

­–  Det vart funne ei mindre mengd av det narkotiske stoffet MDMA. Begge i bilen –  ei kvinne og ein mann i 30-40-åra – er anmeldt, seier vaktsjef Rune Plassen ved Haugesund politistasjon.