idrettsstemne Sveio Ha-0910-1956-utsnitt
FOTO: Utsnitt av avisutklypp frå Haugesunds Avis 9. oktober 1956, der resultatlista frå «Guteidrottsstemnet i Sveio» er presentert.

Guteidrettsstemne anno 1957

13. oktober 1957 vart det i regi av Sveio idrettslag arrangert klubbmeisterskap for gutar. Plassen ved Sveio skule blei teken i bruk til formålet, der blei det konkurrert i ulike aldersgrupper. 15 gutar, i alderen 10-16 år stilte.

I følgje den gamle protokollen til Sveio idrettslag var dette andre året på rad for eit slikt stemne. Vêret var nok ikkje det aller beste denne dagen, i protokollen står å lesa: «På grunn av vêrtilhøva var deltakinga liten, og av same grunn vart også 5. tevlinga – lengdehopp – sløyfa slik at det berre vart 4 øvingar».

Avisutklypp frå Haugesunds Avis 9. oktober 1956, der resultatlista frå «Guteidrottsstemnet i Sveio» er presentert.

Namn og resultat på kvar enkelt deltakar er ført inn inn med penn og blekk over seks sider. Det blei tevla om lengde utan tilløp, høgde, 60 meter og ballkast. Dei tre beste samanlagt blei Kåre Tveit, (16) med 1710 poeng, Torstein Bjelland (10) 1560 poeng, og Svein Brekke (11) 1530 poeng.

I tillegg var det også 12 andre idrettsheltar som gjorde gode prestasjonar denne dagen. Rangert i denne rekkefølgje: Otto Barane, Svein Pedersen, Jan Kristiansen, Ivar Frønsdal, Alfred Lie, Arne Lyngholm, Oskar Emil Lie, Ludolf Bjelland, Aage Nordskog, Rolf Solgård, Svein Bjelland og Helge Matre. Det var naturleg nok våte og skitne gutar som gjekk heim den dagen, men dei fleste sikkert også stolte over eigne prestasjonar.

Jaktar gamle fotografi

Sveio idrettslag vart starta 28. april 1951, noko som betyr at laget til neste år kan feira 70-års jubileum. Ei lang og flott idrettshistorie fortener å bli teken vare på, og Vestavind har tidlegare gått ut og bedt om hjelp til å samla fotomateriale, særleg frå dei første ti-åra.

Dette har me lyst å minna om på nytt. Har du noko slikt vil me gjerne høyra frå deg. Kontakt Vestavind på telefon 53 74 01 80 eller epost: kari@vestavind-sveio.no