nyhende

Smittevernlege Ståle Andreassen rosar arbeidet sporingsteamet har gjort og gjer, og meiner det er uvurderleg for å få oversikt over smittespreiinga.
Smittevernlege Ståle Andreassen rosar arbeidet sporingsteamet har gjort og gjer, og meiner det er uvurderleg for å få oversikt over smittespreiinga.

Ventar svar på dei siste prøvane i morgon

Dei aller fleste av prøvane som er teke i samband med smitteutbrotet i Sveio, har ein no fått svar på. Dei siste testane vart gjort i dag og sendt til Haukeland i føremiddag.

Publisert Sist oppdatert

Viktig å hindra smittespreiing

Her er Folkehelseinstituttet sine råd for å bremsa utbreiinga av korona:

  • God hand- og hostehygiene.
  • Du og dine næraste kan omgåast normalt.
  • Hald auka avstand til andre enn dine næraste, minst 1 meter.
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halda deg heime.
  • Har du symptom på covid-19, bør du testast.

Med symptom meiner ein eitt eller fleire av desse punkta:

  • Feber
  • Hoste
  • Er tungpusta
  • Tap av smak- eller luktesans
  • Sår hals eller sjukdomskjensle

Personar frå Sveio skal testast i Aksdal, Tysvær. Ta først kontakt med testsenteret for å avklara behovet og bestilla time. Du treng ikkje kontakta fastlegen din for å bli testa.

– Me er i mål med tidlegare testar i smitteoppsporinga. Sidan alle dei siste fem tilfella sundag har samanheng med dei tidlagare smittetilfella i Sveio, var det ikkje så mange nye nærkontaktar å testa. Dei siste prøvane teke tidlegare i dag og er sende til Haukeland. Me reknar med å få svar i løpet av tysdagen, seier smittevernlege Ståle Andreassen måndag føremiddag.

– Har ein klart å spora smitten til utbrotet i Sveio?

– Me reknar det som avklart at smitten kjem frå utbrotet i Haugesund, knytt til personen som hadde vore på utanlandsreise, seier Andreassen.

Til saman 16 personar har til no fått stasfesta smitte i koronautbrotet i Sveio.

Rosar smittesporingsteamet

Ein har god kontroll på smitteutbrotet i Sveio, men Andreassen ser ikkje vekk frå at det kan oppstå nye lokale utbrot.

–  Det seier seg sjølv at auka reiseaktivitet, både innanlands og utanlands, gjev auka risiko for nye utbrot. Å følgja smitteverntiltaka er like viktige no som 12. mars, seier smittevernlegen.

Andreassen rosar arbeidet sporingsteamet har gjort og gjer, og meiner det er uvurderleg for å få oversikt over smittespreiinga.

–  Eg vart varsla klokka 21.00 tysdag kveld (siste veke, red. anm.) om det første tilfellet. Sporingsteamet var på plass på kontoret og i sving kort tid etter. Det er svært viktig å koma raskt i gong, og dei har stått på nærast til alle døgnets tider sidan, seier Andreassen.

Kommunalt samarbeid

Sporingsteamet består av personell frå Sveio og Tysvær.

–  Dette er eit kommunalt samarbeid som har fungert svært bra. Utan denne beredskapen hadde me fått ei forseinka smitteoppsporing, noko som igjen gjev risiko for større smittespreiing. Hadde utbrotet kome i starten på pandemien, ville smittesporinga tatt altfor lang tid. Me har ikkje rekna på det, men Haugesund har tidlegare sagt at smitteoppsporing for eitt tilfelle kan kreva opp mot 20 timars arbeid, seier Andreassen.

Powered by Labrador CMS