- Me er glade for svaret. No veit me at me har oversikten over utbrotet, seier smittevernlege Ståle Andreassen i Sveio kommune.
- Me er glade for svaret. No veit me at me har oversikten over utbrotet, seier smittevernlege Ståle Andreassen i Sveio kommune. FOTO: Ellen Marie Hagevik, arkivfoto

Ingen fleire positive prøvar

Tysdag kveld kom beskjeden Sveio kommune hadde håpa på: dei tre siste prøvane er negative.

Dei siste nærkontaktane til dei fem som fekk stadesta koronasmitte sundag, vart testa måndag føremiddag, og tre prøvar sende til Haukeland for analyse.

Like etter klokka 19.40 tysdag kveld kom svaret. Ingen fleire har fått påvist smitte i Sveio.

– Me er glade for svaret. No veit me at me har oversikten over utbrotet. Det er framleis nærkontaktar i karantene som kan utvikla symptom, men det vil bli fanga raskt opp med den tette oppfølginga me har. Slik situasjonen er no, er det betydeleg mindre risiko for at fleire blir smitta i denne omgang, seier smittevernlege Ståle Andreassen i Sveio kommune.

Alle dei vel 50 prøvane er no kvittert ut, og til saman 16 personar har fått påvist koronasmitte sidan tysdag kveld for ei veke sidan.