Klokka 10.23 onsdag føremiddag fekk politiet melding om ei trafikkulukke ved Håvardsholm nord for Førde. Det var to involverte køyretøy, ein personbil og ein taxi. Det var manuell dirigering på staden. Klokka 12.30 var vegen opna for ferdsel begge vegar, opplyser vaktsjef Birgitte Pedersen i Sør-Vest politidistrikt. Den eine av dei tre involverte personane fekk mindre kuttskader i ein arm. Politiet opplyser at det er oppretta sak, og at føraren av personbilen har fått førarkortet beslaglagt.