Oppdrag utført – i går blei kruset sett ut på ein ny topp.
Oppdrag utført – i går blei kruset sett ut på ein ny topp. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Funne på Emberlandsnipen:

Vandrar frå topp til topp

Om det er sommarferien som har sett kreativiteten i sving, eller om kruset har vore på tur i lengre tid enn som så veit me ikkje.
Det blei iallefall funne på Emberlandsnipen av ein familie på tur for nokre veker sidan. Den litt hemmelegheitsfulle gjenstanden blei tatt med ned frå nipen, med ein plan om gjera som teksten sa – setja den på ein ny topp. Dette kom Vestavind for øyra, og underteikna var med då den i går fekk vandra vidare på ein liten fjelltopp her i Sveio. Me kan ikkje unngå å lura på kva som ligg bak påfunnet – veit du? Ta eventuelt kontakt med Irene (tlf. 416 80 162).

Etter at me publiserte saka på nettet, kunne Elisabeth Brynjelsen Stokke opplysa om at det var ho som sette kruset på Emberlandsnipen. Sjølv plukka ho det opp på Boknafjellet.