Plakaten om forsyningar på munnbind var nettopp hengt opp då Vestavind var innom i 14-tida fredag. I bakgrunnen apotekteknikar Karoline Aga.
Plakaten om forsyningar på munnbind var nettopp hengt opp då Vestavind var innom i 14-tida fredag. I bakgrunnen apotekteknikar Karoline Aga. FOTO: Irene Flatnes Haldin

Mellombels utseld fredag:

Ventar påfyll av munnbind

Sjølv om det ikkje ligg føre konkrete råd om generell bruk av munnbind enda, er det lokale apoteket for augneblinken tomme.

Etterspurnaden starta denne veka og tok seg kraftig opp torsdag. Fredag ettermiddag er det tomt på apoteket i Sveio senter, men nye forsyningar er på veg, fortel Kjersti Møller ved Apotek 1 Sveio. Spesielt frå torsdag gjekk sal av munnbind kraftig opp.

På regjeringa si pressekonferanse fredag, understreka helseminister Bent Høie at munnbind ikkje er eit alternativ til å halda minst éin meter avstand.
– Me må ta inn over oss at det er situasjonar der det er vanskeleg halda på meteren – då er munnbind eit supplement. Det kan komma anbefaling om å bruka munnbind på kollektivtransport i rushtida, sa Høie. Årsaka til at rådet ikkje gjeld frå i dag, er førebuingar, då det eventuelt trengst å lagast kampanjar som viser rett bruk, og ikkje minst tilgjengelegheit på munnbind. Meir detaljerte råd vil koma fram mot 14. august.

Apotekforeningen opplyser på nettstaden sin at grossistane deira har store lager av munnbind.