Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Ønskjer kontakt med gjester på tre utestadar i Haugesund:

Må i karantene og testast

To bartendarar i Haugesund har fått påvist covid-19.

Dersom du har vore på utestaden Bytunet Nattklubb i Sildajazz-helga, må du i karantene og testast for korona-virus, opplyser Haugesunds Avis tysdag føremiddag. Til avisa seier kommuneoverlege i Karmøy, Katrine Marie Haga Nesse at ein kan senda ein SMS med kva kommune ein tilhøyrer til 91587119, så vil ein bli kontakta.

I same saka blir det skrive at smittesporingsteamet ønskjer også å koma i kontakt med alle gjester som har besøkt Rabinowitz eller Dikselen fredag 31. juli, laurdag 1. august og søndag 2. august.

På generelt grunnlag skal personar frå Sveio testast i Tysvær (Aksdal). For å testast må ein først kontakta testsenteret for å avklara behovet og bestilla time. Testsenteret kan kontaktast på tlf. 52 75 74 00 (kvardagar kl. 08.30–15.00). Kjelde: Sveio kommune.