nyhende

Leiar eit av verdas mest innovative selskap

Sveibuen Karl Johan Lier har vore med frå starten på eventyret AutoStore. Selskapet med utspring frå Hatteland i Vindafjord, er verdsleiande på automatlagring og robotsystem.

Publisert Sist oppdatert

Kort om AutoStore-anlegget

  • Eit AutoStore-anlegg består av ei aluminiumsramme (grid) fyld med kassar (bins) på 600 x 400 millimeter tett i tett. På toppen går robotane som hentar dei bestilte varene og leverer dei til mottaket (porten) der plukkaren står. Plukkaren kan vera ein person eller ein robot.
  • Red Line er dei robotane det er flest av. Dei er i stadig utvikling, og den siste modellen fekk ikkje Vestavind lov å fotografera. Dei hentar kassane i ei ramme og kan klara 300 kassar i timen. Må på lading når batteriet er tomt for strøm.
  • Nyaste tilskot i robotfamlien er Black Line. Dei tar kassane opp i «magen», er raskare og kan vera innom 600 bins i timen. Black Line-robotane går til ladestasjonen og byter batteri sjølve når dei er tomme for strøm.
  • I teorien kan eit AutoStore-anlegg vera uendeleg, men over ein viss storleik må ein dela det opp fordi det blir lange strekk for robotane å køyra, og tek dermed for lang tid. Dei største anlegga per i dag har 500.000 bins (kassar) og går over mange mål.

Hatteland hadde trong for meir langringsplass. Kva er det mest av på eit laget? Jo, luft. Det fekk i 1996 teknisk sjef Ingvar Hognaland til å tenkja heilt nytt, og var starten på verdssuksessen AutoStore, the Cube Storage-pioneer som selskapet også blir kalla.

Sveibuen Karl Johan Lier har hatt arbeidsplass i Åmsosen i 27 år. Først sju år som økonomisjef i Hatteland. Deretter dagleg leier for Arrow og ein del av den europeiske leiargruppa til Arrow i åtte år. I 2008 gjekk han tilbake til Hatteland som konsernsjef med særleg fokus på AutoStore.

– Me har hatt stor tru på produktet heile vegen, og det er investert mange millionar i utvikling. I 2010 selde me det første og einaste anlegget det året. Per i dag er det 494 selde anlegg. Det var 492 for ei veke sidan, og det er ikkje lenge før me passerer 500, seier Lier.

Seld for 16 milliardar

Omsetnaden seier mykje om utviklinga. I 2010 var den 20 millionar kroner. Fem år seinare 340 millionar. Målet for 2016 var 500 millionar, og det klarte dei omtrent på krona. Same år selde Hatteland AutoStore til investeringsselskapet EQT for vel 4 milliardar kroner. Det var trong for ein stor og kapitalsterk hovudeigar for å ta AutoStore vidare i den farten om omfanget ein såg for seg framover. Lier gjekk over til å bli konsernsjef og president for nye AutoStore.

I 2017 passerte omsetnaden 645 millionar kroner. Året etter nådde dei 1,2 milliardar. I 2019 var omsetnaden svimlande 1,75 milliadar. Og EQT valde å selja til det amerikanske fondet THL Partner. EQT fekk nesten fire gonger igjen det dei hadde betalt tre år tidlegare: 16 milliardar.

Og AutoStore vart Noregs første einhjørning. Det er eit oppstartselskap som blir seld for meir enn ein milliard dollar. At det skjedde, gjekk heilt under radaren for mange, også Noregs fremste næringslivsavis.

Einhjørning og årets bedrift i Europa

– Avtalen var i boks eit par veker før salet vart offentleg. Så då Dagens Næringsliv hadde ei stor sak på «kven blir Noregs første einhjørning», visste me at det var oss. Nesten dobbel einhjørning til og med. Så det var artig at AutoStore ikkje var på lista over dei 300 selskapa DN meinte var aktuelle, seier Lier.

Han meiner AutoStore er langt meir kjend i utlandet enn her i landet. Det har han nok rett i. AutoStore er kåra til årets bedrift i Europa i konkurranse med 120.000 bedriftar, og The Times har AutoStore på si liste over dei 100 mest innovative selskapa i verda. For å nemna noko.

I dei gamle lokala til Hatteland Display, eit anna teknologiselskap som vart utvikla av Hatteland og seld, er AutoStore i ferd med å bygga tre store teststasjonar og andre fasilitetar. Karl Johan Lier tok Vestavind med opp i høgda for å visa teststasjonen som er i sving. Stolen bak den raude roboten nyttar ein når ein må ut til robotane.

Ingen luft

– Kort fortald, kva er AutoStore?

– Det er eit automatlagringssystem og eit robotsystem som sørger for å nytta plassen mykje betre enn tradisjonelle lager med hyller. Det er ingen luft mellom hyllene, og robotane køyrer kassane til plukkaren i staden for at plukkaren må gå til hyllene. Det betyr at du får ein heilt annan effektivitet. Og du kan veksa veldig raskt med relativt enkle investeringar når du først har investert i eit slikt anlegg.

Anlegget kan byggast kor som helst i alle retningar, til og med rundt stolpar, er fleksibelt og har svært høg driftstabilitet.

– Det er andre tilsvarande løysingar. Kva er det som har gjort at AutoStore er blitt verdas fremste?

Traff på megatrendar

– Me passar perfekt inn i dagens megatrendar. Du har e-commersbiten (nettsal red. anm.), som ikkje minst har akselerert no under koronakrisa. Dei som er der veit kva dei sel i dag, men dei veit ikkje kva dei sel om seks månader. Då treng dei fleksible system, og AutoStore er det mest modulære og fleksible systemet på marknaden. Dei kan bygga eit lite anlegg til dagens behov, og enkelt ekspandera om dei treng meir plass.

Ein annan megatrend er urbanisering og at folk bur nær dei store sentra. Og det er slutt på at kundar aksepterer at levering tek dagar når dei har bestilt noko. No skal dei ha det på timar, og då må lagera ligga tett på dei store sentra. Det betyr at ein må ha plasseffektive løysingar.

I starten var selskap som sel sportsutstyr blant dei største kundane. Medisin og ikkje minst industri har kome for fullt dei siste år.

– No er groceries-segmentet på full fart inn. Stadig fleire handlar daglegevarer og mat på nett, og koronakrisa har sett ekstra fart i dette, seier Lier.

600 tilsette om tre år

– Korleis kan ein driva eit selskap med snart to milliardar i omsetnad frå vesle Åmsosen?

– Me har eit fantastiske produkt, og så har me ein veldig spesiell og god bedriftskultur. Det er flat struktur, og folk tar ansvar og er interessert i jobben sin. Det er jo spennande å vera med på eit slikt eventyr også.

I 2008 var dei seks som jobba med AutoStore. Målet er å nå 600 tilsette i løpet av 2023. Sist Lier sjekka var dei 325. Han ser ikkje vekk frå at det er 350 i skrivande stund.

– Me får nye tilsette nesten kvar dag. Ein periode var det ikkje lett å få fatt i nok kvalifiserte folk. No er me blitt mykje meir kjende, og sist kampanje me hadde kom det inn over 500 søknadar. Alle topp kvalifiserte, fortel Lier.

I Åmsosen held det til 100 tilsette knytt til administrasjon, sal og utvikling. Ved fabrikken i Polen er det 175 tilsette som produserer anlegga, og utviklingssiten i Oslo hadde 30 tilsette i første omgang.

Lokalkontor i USA, Europa og Japan

–  No har me ikkje plass i dagens lokale i Asker lenger, og skal snart flytta inn i større lokale på Lysaker med plass til 75 personar. Tre av fire i AutoStore i Noreg jobbar med utvikling, og me reknar med at me passerer 100 tilsette i Oslo om få år. I Åmsosen er me no i gang med å bygga tre store testanlegg. Me har også salskontor i USA, Tyskland, Storbritannia, Frankrike og Japan. USA er størst med to kontor og rundt 30 tilsette. I dei andre landa er det Tyskland som er størst med 7-8 tilsette, seier Lier.

Han merkar at nye eigarar i USA held til i ei heilt anna tidssone, men påstår han føler at han har vanlege arbeidsdagar.

– Eg er tilgjengeleg døgnet rundt og loggar meg på heimekontoret når eg kjem inn døra i Sveio. Men eg føler på ingen måte at eg jobbar døgnet rundt. På grunn av koronakrisa har det også blitt langt mindre reising, og i staden møter på Teams.

Flytta heim etter 13 år i Bergen

Lier er utdanna ved Handelshøgskulen i Bergen, og er også statsautorisert revisor. 13 år blei det i Bergen før han flytta heim til Sveio. Kona Haldis jobbar som lege i Helse Fonna. Dei tre borna er alle ute av redet. Eldste mann jobbar i Økokrim i Oslo. Dottera er også busett i Oslo der ho jobbar som konsulent, og yngstemann studerer i Bergen.

– Kva gjer du på fritida?

– No har me akkurat hatt ferie og mellom anna vore på besøk i Oslo. Og ungane har vore heimom. Elles er eg sportsinteressert og prøver å halda meg i grei form. Det er naudsynt for å klara denne jobben. Det blir ein del turar, og ein og annan topptur innimellom.

– Hobbyar?

– Ingen hobbyar. Eg er ikkje særleg praktisk anlagt, seier Lier og ler.

Største lokale aksjeeigar

60-åringen er den største av dei lokale aksjeeigarane i AutoStore, og det har dei siste åra gjeve han god avkastning. Pengar som han investerer vidare gjennom sitt private investeringsfond.

– Den delen set eg vekk til andre no, men når eg blir pensjonist ser eg mellom anna for meg å bli meir aktiv innan investering. Styreverv er også aktuelt å fylla dagane med.

– Kor langt fram ser du no i tid?

– Det kan vera i morgon, eller om nokre år. Eg har enno mykje å bidra med. Men ting endrar seg fort i denne bransjen, og eg har ikkje tenkt å bli nokon sjuande far i huset i AutoStore, seier Lier.

Partnerar over heile verda

  • AutoStore har 12 partnerar. Desse blir trena i både bedriftskultur og produkt i Åmsosen. Partnerane jobbar med sluttkundane, sel modulane og har arbeidet med montering og service på anlegga.
  • Per i dag er det AutoStore-anlegg i 30 land. Europa er den største marknaden per i dag, medan USA er det største enkeltlandet med 75 anlegg, og i tillegg den raskast veksande marknaden.
  • Kjende selskap som nyttar AutoStore er mellom andre Puma (to gigantiske anlegg i USA), Best By (tilsvarande Elkjøp, åtte anlegg), Mediline (medisinsk utstyr, 15 anlegg), Lufthansa (på flyplassane i Tyskland) og ASDA i Storbritannia. Norge er mellom andre XXL og Komplett kundar.
  • Lier spår at 80-90 prosent av dagens logistikk vil vera automatisert om 50 år. I dag er talet 15 prosent i Europa og 5 prosent i USA.
Powered by Labrador CMS