Sveio turlag deltar når det er "open kvedn" på Lokna i oktober. Her frå nyopninga av Loknakvedno i oktober 2017.
Sveio turlag deltar når det er "open kvedn" på Lokna i oktober. Her frå nyopninga av Loknakvedno i oktober 2017. FOTO: Irene Flatnes Haldin, arkiv

Grøn resept frå turlaget

Treng du inspirasjon til kor du kan gå – og det i kjekt lag? Bli med Sveio turlag, her er dei planlagde turane for hausten og vinteren.

Tysdag 25. august startar Sveio turlag haustsesongen med ei vandring langs Bjellandselva til Vigdarvatnet. Der har Vigdar Grunneigarlag og Barnas Turlag Sveio sett opp bord og benker, og laga leikeplass for born, samt sett opp eit grindabygg.

Søndag 30. august blir det ei fin vandring frå Haugatjørn ved Fantahytta til Digranesvarden (59 m.o.h.) Nordre Vikse i Sveio. Kjentmann Svein Magne Vikse tek oss med på ei om lag 2,5-3 timars tur i middels krevjande terreng på traktorveg og sti.

Søndag 6. september. går turen på traktorveg og sti til Lammanuten (631 m.o.h.). Denne høgste fjelltoppen i Tysvær kommune ligg på ei halvøy omkransa av Hervikfjorden, Nedstrandsfjorden, Vindafjorden og Yrkjefjorden.

Tysdag 8. september vert det ein om lag 2-2,5 timars rundtur på skogsveg og sti frå kyrkjegarden på Framnes til Rauneslitjørna, Liervatnet og Nedre Framnes i Sveio.

Søndag 13. september tek kjentmann Jonas Eldøy oss med på ei om lag 3,5-4 timars middels krevjande rundtur frå Dalshaugane til Ytste Sørlivatnet (248 m.o.h.) og Melen/Melsåto (499 m.o.h.) i Fitjar kommune.

Tysdag 15. september vert det ei kveldsvandring frå Øklandsnes i Auklandshamn til Slettafjellet (131 m.o.h.), vidare ned Risdalen, langs Åsbugarden og nordre enden av Storavatnet til Tjernagel.

Søndag 20.9. går vi frå Holsvika til enden av Bjørgavegen, vidare til garden Haugsbø og langs fjorden til Slettavika på Tittelsnes i Sveio.

Tysdag 22. september tek kjentmann Astrid Hovda oss med på ei om lag 1,5 timars interessant vandring på Gullstien sør for Buavåg fergekai i Sveio. Turen går i lett kupert terreng på kjerreveg og sti, samt noko på hovedvegen

Tysdag 29. september går vi frå Oa ungdomshus til Oavika, ein om lag 2-timars tur på skogsveg og sti i lett kupert terreng forbi sjøhus og hytter.

Søndag 4. oktober vert det ei vandring på den gamle kyrkjevegen mellom Fjellstad og Søra Mølstre i Sveio i lag med Haugesund turistforening. Kjentmann Willy E. Mjånes og Egil Lokna vil fortelja frå farne tider på turen forbi Forevatnet, Brørsteinane på Istertveit og Uradalsvatnet. Turen går langs drikkevannskilder, og det er ikkje tillate å bada eller å fiska i vatna.

Søndag 11. oktober vil vi gå frå Buavåg fergekai til Loknapollen og Lokna. Det vert historisk innslag ved Loknakvedno i samband med «Kvednadag». Egil Lokna m.fl. vil syna oss korleis ein malar korn på gamalt vis.

Torsdag 5. november er dato for «Kosekvelden» på Kysttunet i Auklandshamn. Det vert fotoforedrag med Erik Lie Johannesen sine flotte bilete frå Sveio og andre stader på Haugalandet. Turlaget vil servera kaffi og rundstykker.

Tysdag 10. november vert det ei lita «spøkelsesvandring» i skogen på Lier ved Ålfjorden, samt steiking av pinnebrød på bål ved Speidarplassen. Turlaget oppfordrar alle til å ta med familie og vener og naboar, lommelykt, gode klede og sko, og håpar at mange vil vera med.

Laurdag 26. desember avsluttar turlaget haust- og vintersesongen med den årlege 2. juledagsvandringa med start frå Sveio Golfpark. Det vert ei om lag 1-1,5 timars vandring i desemberfrisk Sveioluft, samt servering av varm julegløgg. Turen høver for folk i alle aldrar, også for dei små i barnevogner.